Orbetello
Orbetello | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Toscana | ||
Provins | Grosetto | ||
Areal | 226,8 km² | ||
Folketal | 14 292 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Altero Matteoli | ||
Postnummer | 58010, 58015 | ||
Retningsnummer | 0564 | ||
Orbetello 42°26′22″N 11°12′45″E / 42.439444444444°N 11.2125°E | |||
Wikimedia Commons: Orbetello |
Orbetello er ein kommune i provinsen Grosseto i Toscana i Italia. Han ligg om lag 35 km sør for Grosseto, i ein lagune med same namn.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Orbetello var ein etruskisk busetnad, som i 280 f.Kr. komm inn under romarane, som hadde grunnlagd kolonien Cosa (nær den moderne Ansedonia) i nærleiken.
I mellomalderen kom han inn under Aldobrandeschi-familien, som hadde han fram til 1300-talet, då han vart ein del av byen Orvieto. Etter fleire kampar mellom Orsini av Pitigliano og Orvieto vart Orbetello dei neste hundreåra ein del Republikken Siena. På midten av 1500-talet kom han inn under den spanske vasallstaten Presides og vart hovudstaden her. Seinare kom han inn under storhertugdømet Toscana fram til midten av 1800-talet då Italia vart samla.
I 1927-1933 starta Italo Balbo luftreisene sine frå lagunen i Orbetello.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Orbetello» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2007.