Ometz i Israel
Utsjånad
Ometz | |||
אֹמֶץ, אומץ | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Kystsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Heferdalen | ||
Koordinatar | 32°22′10.2″N 34°59′38.03″E / 32.369500°N 34.9938972°E | ||
Folketal | 762 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Demobiliserte IDF-soldatar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Ometz i Israel 32°22′10″N 34°59′38″E / 32.3695°N 34.993897222222°E | |||
Kart som viser Ometz i Israel.
| |||
Wikimedia Commons: Ometz |
Ometz (hebraisk skrift אֹמֶץ, tyder Mot) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta nær Zemer og høyrer til Heferdalen regionale kommune.
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte IDF-soldatar frå Alexandroni-brigaden. Han var den første grensebusetnaden i Heferdalen som vart grunnlagd etter den arabisk-israelske krigen i 1948, på landområde som tidlegare hadde høyrt til den avfolka arabisk-palestinske landsbyen Qaqun. Det er to teoriar om opphavet til namnet. Ein teori er at namnet kjem frå uttrykket «Ometz VeGvura» (Mot og tapperheit), medan den andre teorien er at det er eit akronym for Irgun Mishuhrarei Tzahal (hebraisk skrift ארגון משוחררי צה"ל, som tyder Organisasjonen for demobiliserte IDF-soldatar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ometz, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014.