Olga Sjisjigina
Olga Sjisjigina | |
Statsborgarskap | Kasakhstan |
Fødd | 23. desember 1968 (55 år) Almaty |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Asialekene 1994, Asialeikene 1998 |
Utmerkingar | Kurmetordenen, Q112601465, Medaljen til minne om Republikken Kasakhstan 25 års uavhengighet, Q115678842, Medaljen i anledning medalje 20-året for Republikken Kasakhstans forfatning, Q123713202, Dostyk Order of grade II |
Olga Vasiljevna Sjisjigina (fødd 23. desember 1968) er ein kasakhstansk tidlegare friidrettsutøvar frå Almaty som vart olympisk mester på 100 meter hekk i 2000, og elles vann sølv og bronse i same øvinga i 1995 og 2001.
Sjisjigina hadde uvanleg stor framgang i 1994 og vann korthekken under Asia-leikane i Hiroshima på tida 12,80. Den 27. juni 1995 kom ho i mål til personleg rekord 12,44 sekunder ved eit stemne i Luzern, hennar livs snøggaste hekkeløp. Seinare same sommaren sikra ho seg VM-sølvet på 100 meter hekk, slått einast av Gail Devers frå USA. I 1996 vart Sjisjigina stengd ute frå idretten då ho vart avslørt for brot på dopingreglane.
I 1998 kom Sjisjigina tilbake på friidrettsbana og sigra på 100 m hekk under Asia-leikane på ei så god tid som 12,63. År 1999 vann ho 60 meter hekk ved innandørs-VM i Maebashi i Japan. Trass i sterke 12,51 måtte ho nøye seg med fjerdeplassen på 100 m hekk då Friidretts-VM 1999 fann stad i Sevilla.
Under Sommar-OL 2000 i Sydney overraska Sjisjigina med å vinne 100 meter hekk. I ei tevling der favorittane ikkje presterte heilt opp mot sitt bestenivå, lukkast ho slå dei andre medaljevinnarane, nigerianske Glory Alozie med tre og USA-amerikanske Melissa Morrison med elleve hundredels sekund. Året etter kneip Sjisjigina bronsemedaljen i verdsmeisterskapen i Edmonton på nøyaktig same tid som bulgarske Svetla Dimitrova, 12,58 sekundar, fire hundredels sekund bak sølvvinnar Gail Devers.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Etter det vart funne prov på anabole steroidar i ei dopingprøve i 1996, var Sjisjigina utestengd frå all idrett i to år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 12,80, bakom Gail Devers (12,68)
- VM 1999 i Sevilla: Nr 4 – 12,51, nest bakom Ludmila Engquist (12,47)
- OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 12,65, framom Glory Alozie (12,68)
- VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje – 12,58, framom Svetla Dimitova (12,58)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olga Schischigina» frå Wikipedia på tysk, den 2. august 2017.