Ole Rasmussen Apeness
Utsjånad
Ole Rasmussen Apeness | |||
Ole Rasmussen Apeness på eit måleri av Hedevig Lund, tilhøyrer Eidsvoll 1814 | |||
Fødd | 11. februar 1765 Borre i Vestfold | ||
---|---|---|---|
Død | 14. februar 1859 (94 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Unionspartiet | ||
Yrke | Gardbrukar, soldat og lensmann | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Ole Rasmussen Apeness (11. februar 1765–14. februar 1859) var ein norsk soldat, lensmann, gardbrukar og eidsvollsmann.
Apeness var frå Borre i Vestfold. Han vart soldat i 1783, og deltok i felttoget mot Sverige i 1788. Sidan var han underoffiser i fem år. År 1794 vart han lensmann i Borre, eit ombod han hadde i 30 år. Han kjøpte då, 1824, ein gard i Sem, og budde der resten av livet. 1808-45 var han med i forlikskommisjonen. Apeness var haugianar og ein leiarskikkelse i heimbygda si.[1]
I 1814 var Apeness utsending frå Jarlsberg grevskap til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han røysta med unionspartiet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- ↑ 1,0 1,1 «Ole Rasmussen Apeness». Eidsvoll 1814. Henta 5. mai 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Ole Rasmussen Apeness NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Kjell Jakobsen: «Apeness-slekten, gården og dens omgivelser» Arkivert 2014-10-20 ved Wayback Machine., Borreminne, årsskrift for Borre Historielag, 1993