Ola O. Røssum
Ola O. Røssum | |||
Fødd | 10. mai 1926 Nord-Fron kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mai 2012 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Utdanna ved | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet | ||
Alle verv |
|
Ola Olafsson Røssum (10. mai 1926–29. mai 2012) var ein norsk agronom og politikar, fødd og død i Nord-Fron. Han representerte Oppland og Senterpartiet på Stortinget i tida 1969-81.
Røssum var son til ein gardbrukar i Kvam-sokna i Nord-Fron. Han tok eksamen ved landbruksskule i 1948 og skogbruksskule 1950. Åra 1952-54 var han kontrollassistent i Rakkestad i Østfold. Deretter studerte han 1956-59 til sivilagronom ved Norges landbrukshøgskole.
Sidan var Røssum eit års tid forskingsassistent ved NLH, før han i perioden 1960-65 var driftsplanleggar i Oppland Bondelag. Han tok over farsgarden Røssem i 1965 og dreiv han til 1998.
Etter å ha vore vararepresentant til Stortinget i perioden 1965–69, fekk Røssum fast plass på Tinget frå 1969. Med attval i 1973 og 1977 vart han verande stortingsrepresentant i tolv år. Dei fyrste åtte åra var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen, siste fireårsbolken var han nestformann i Landbrukskomiten, samt visepresident i Lagtinget. Røssum var politisk nestformann i Senterpartiet i åra frå 1977 til 1981.