Noregsmeisterskapen i fotball for menn 2013 var ei norsk fotballturnering, avvikla i tida 16. april til 24. november. Turneringa over sju rundar med utslagskampar enda med at Molde FK vart norsk meister etter å ha vunne 4-2 over Rosenborg BK på Ullevaal stadion i Oslo. Det var den 108. Noregsmeisterskapen i fotball.
128 lag deltok i opningsrunden. Dei 88 laga frå dei tre øvste divisjonane i seriesystemet var automatisk kvalifisert, medan 40 lag frå nivå fire hadde kvalifisert seg gjennom to kvalifiseringsrundar.