Ninive
Utsjånad
Ninive نينوى | |||
assyrisk Ninua, Nina | |||
Den delvis rekonstruerte Adad-porten ved Ninive i 1990.
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Ninive 36°22′00″N 43°09′00″E / 36.366667°N 43.15°E | |||
Wikimedia Commons: Nineveh |
Ninive (arabisk نينوى) er ein ruinby i noverande Irak ved elva Tigris, nær noverande Mosul. Byen var ein av dei viktigaste i Midtausten under oldtida, og var ved fleire høve hovudstad i Assyria.
Det er påvist busetnad på staden frå 6000-talet f.Kr., og Ninive er nemnd rundt 1800 f.Kr. som ein viktig kultstad for gudinna Ishtar (Inanna). Byen blei hovudstad i Assyria rundt 700 f.Kr. under Sanherib. I 612 f.Kr. blei han lagt i ruinar av medarar og babylonarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Barstad, Hans M. «Ninive» (1. september 2014), Store norske leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Ninive» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Denne geografiartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.