Nils J. Hestnes
Nils J. Hestnes | |||
| |||
Fødd | 8. mars 1860 | ||
---|---|---|---|
Død | 27. september 1948 (88 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Nils Johansson Hestnes (8. mars 1860–27. september 1948) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Valsøyfjord på Nordmøre. Jonas Hestnes var bror hans.
Hestnes var son av ein gardbrukar i Valsøyfjord. I 1878-79 gjekk han amtsskulen. Han tok over farsgarden Hestnes i 1890 og dreiv denne. 1890-94 var han medlem av heradstyret i Aure, frå 1895 av heradstyret i den utskilde kommunen Valsøyfjord. Han var ordførar i Valsøyfjord 1916-28 og elles forlikskommissær i 30 år frå 1897 og skulestyreformann fram til 1937.
Hestnes representerte Romsdals amt på Stortinget 1900-03 og 1903-06. Sidan representerte han Nordre Nordmøre krins åra 1906-15. På alle tingsamlingane var han medlem av landbrukskomiteen, nestformann 1913-15. 1913-15 var han og medlem av Lagtinget og valkomiteen. Han vart også vald til Stortinget 1916-18, men møtte berre til 19. januar 1916. Valet vart då forkasta, og varamannen rykte opp til fast representantplass.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914