Newton
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Newton (fleirtyding).
Newton er ei avleidd SI-eining for måling av kraft. Symbolet for newton er N. Eininga har fått namn etter Isaac Newton på grunn av hans viktige bidrag til klassisk mekanikk.
Ein newton er definert som den krafta som skal til for å akselerere ein masse på eit kilogram ein meter per kvadratsekund.