Neoptera
Utsjånad
Neoptera | |
fluga Episyrphus balteatus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Flygande insekt Pterygota |
Infraklasse: | Neoptera Martynov, 1923 |
Neoptera (frå gresk, tyder 'ny-venger') er ei gruppe flygande insekt som kan falda vengjene sine over bakkroppen. Dei vert òg kjenneteikna av at musklane dei hovudsakleg nyttar til å flyge med ikkje er fest direkte til vengjene men tvert imot til ryggen.
Gruppa omfattar dei fleste insekta me kjenner til i dag, mellom anna biller, tovenger, årevenger, sommarfuglar, nebbmunnar, rettvenger og vårfluger, ei stor og variert mengd med ulike kryp.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer 2002