Neil Young av Neil Young
Neil Young Studioalbum av Neil Young | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. november 1968 | |
Innspelt | August–oktober 1968 | |
Studio | ||
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 35:32 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent |
| |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Neil Young | Everybody Knows This Is Nowhere (1969)
|
Neil Young er debutalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young. Det kom ut 12. november 1968 etter at han hadde forlate bandet Buffalo Springfield.[1] Albumet vart delvis miksa på ny og gjeve ut att 22. januar 1969 på Reprise Records. Albumet gjekk ikkje inn på Billboard 200-lista.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Mange kjelder oppgjev januar 1969 som utgjevingsdatoen til Neil Young, men albumet vart opphavleg gjeven ut 12. november 1968 (23-årsdagen til Young). Den første utgjevinga nytta kodingssystemet Haeco-CSG. Denne teknologien var meint å gjere stereoplater kompatible med monoplatespelarar, men hadde den uheldige effekten at lyden vart dårlegare i både stereo og mono. Young var misnøgd med lydkvaliteten på den første utgjevinga, så albumet vart delvis miksa på nytt i januar 1969 og så gjeven ut utan dette kodingssystemet. Samstundes vart «Neil Young» sett på toppen av plateomslaget. Den første utgåva hadde berre hatt portrettet av Young. Kopiar av den originale 1968-utgåva er no eit ettertrakta samleobjekt.
Neil Young vart ommastra og gjeve ut på HDCD-koda CD og digital utgåve den 14. juli 2009 som ein del av Neil Young Archives Original Release Series. Det vart òg gjeve på audiofil vinyl i desember 2009 både aleine og som ein del av ein boks med dei fire første platene til Young. Denne utgåva var berre mogeleg å få kjøpt via nettsida hans. Boksen var avgrensa til tusen eksemplar. Ein CD-versjon på 3000 eksemplar finst òg. Det har vore planlagt ein høgoppløyseleg digital blu-ray-versjon av albumet, men denne er ikkje komen ut enno.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Pitchfork | 7.8/10[3] |
Rolling Stone | positiv[4] |
Rolling Stone skreiv «på mange måtar ein gledeleg reprise av Springfield gjort på ein ny måte.»[4] I ein nyare melding skildra AllMusic albumet som «ein ujamn, lågmælt introduksjon til solokarrieren til Young».[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Neil Young, utanom der andre er nemnde. Arrangement på «The Old Laughing Lady», «String Quartet from Whiskey Boot Hill» og «I've Loved Her So Long» av Young, Nitzsche og Ry Cooder.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Emperor of Wyoming» | 2:14 |
2. | «The Loner» | 3:55 |
3. | «If I Could Have Her Tonight» | 2:15 |
4. | «I've Been Waiting for You» | 2:30 |
5. | «The Old Laughing Lady» | 5:58 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «String Quartet from Whiskey Boot Hill» (Jack Nitzsche) | 1:04 |
7. | «Here We Are in the Years» | 3:27 |
8. | «What Did You Do to My Life?» | 2:28 |
9. | «I've Loved Her So Long» | 2:40 |
10. | «The Last Trip to Tulsa» | 9:25 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Neil Young – vokal, gitar, piano, synthesizer, cembalo, pipeorgel, produsent
- Ry Cooder – gitar, produksjon
- Jack Nitzsche – elektrisk piano, arrangement, produksjon
- Jim Messina, Carol Kaye – bass
- George Grantham, Earl Palmer – trommer
- Merry Clayton, Brenda Holloway, Patrice Holloway, Gloria Richetta Jones, Sherlie Matthews, Gracia Nitzsche – korvokal
- ikkje identifiserte - trompet, trombone, tenorsaksofon, valthorn, klarinett, pauker, strykarar
Produksjon
- David Briggs – produsent
- Dale Batchelor, Donn Landee, Mark Richardson, Henry Saskowski – lydteknikar
- Rik Pekkonen – arrangement, lydteknikar
- Danny Kelly – fotografi
- Ed Thrasher – kunstnarisk leiar
- Roland Diehl – måleri på framsida av omslaget
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Neil Young (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2010 og 2. februar 2019.
- ↑ The Village Voice (1969-02-06) «Reprise Ad – Tea Fan Seeks Mate». News.google.com. Henta 2. februar 2019.
- ↑ 2,0 2,1 William Ruhlmann (12. november 1968). «Neil Young – Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 2. februar 2019.
- ↑ «Neil Young: Neil Young / Everybody Knows This Is Nowhere / After the Gold Rush / Harvest | Album Reviews». Pitchfork. 11. desember 2009. Henta 2. februar 2019.
- ↑ 4,0 4,1 Von, Gary (5. april 1969). «Neil Young Neil Young Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. august 2017. Henta 2. februar 2019.