Naturhorn
Utsjånad

Naturhorn er horn eller trompetar utan ventilar som berre gjev naturtonar.[1] Naturhorn har historisk hatt seremoniell funksjon eller vore brukt ved jakt.[2][3]
Naturhorn eller naturtrompetar er vanlegvis laga i metall, tre, horn, elfenbein eller andre materiale. Nokre døme på naturhorn er lur, sjofar og abeng. Ein kan sjå på naturhorn som forløparar til dagens messingblåseinstrument. På 1600- og 1700-talen oppstod det sirkelforma posthornet og det engelske jernhornet og til slutt valthornet. På 1800-talet blei dei første trompetinstrumenta med to (seinare tre) ventilar laga, noko som gjorde at instrumenta kunne spela fleire tonar. Overgangsforma mellom naturhorn og moderne ventilhorn blir kalla klaffehorn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «naturhorn – musikk». Store norske leksikon (på norsk). 22. februar 2017.
- ↑ Norlind, Tobias: Musikinstrumentens historia : i ord och bild, 1941, s. 89-96.
- ↑ «horn. Nationalencyklopedin». Henta 14. november 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Naturhorn» frå Wikipedia på svensk, den 5. november 2018.