Napolibukta
Utsjånad
Napolibukta er ei bukt på sørvestkysten av Italia (provinsen Napoli i regionen Campania). Han opnar i vest til Tyrrenhavet. Bukta grensar i nord til byane Napoli og Pozzuoli, i aust til Vesuv og i sør Sorrentinehalvøya og den støsrte byen her Sorrento. På andre sida av halvøya ligg Salernobukta.
Øyane Capri, Ischia og Procida ligg i bukta. Området er ein viktig turistdestinasjon for Italia med romerske ruinar av Pompeii og Herculaneum (øydelagd av vulkanutbrotet til Vesuv i år 79 e.Kr.) ligg i nærleiken.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gulf of Naples frå Engelsk Wikipedia .