Nødnummer
Eit nødnummer eller naudnummer er eit telefonnummer ein kan ringje for å koma i kontakt med offentleg hjelp i nødsituasjonar. Nødnumrene varierer frå land til land, men dei er ofte samansett av tre tal for at dei skal vera enkle å hugse. Dei fleste land har berre eitt nødnummer som dekker alle nødsituasjonar, mens nokre få, til dømes Noreg, har fleire. I så tilfelle er det vanleg at berre det siste talet varierer.
Nødnummer i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Noreg bruker tre nødnummer, avhengig av kven du skal ha tak i. For å koma i kontakt med brannvesenet ringjer ein 110, for å koma i kontakt med Politiet ringjer ein 112, og for å koma i kontakt med ambulansetenesta ringjer ein 113.
Nødnummer globalt
[endre | endre wikiteksten]112 er standardnummeret for mobiltelefonar som bruker GSM-nettverket. 112 er også standardnummeret EU bruker.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |