Modelljarnbane
Ein modelljarnbane er ein modellbygd miniatyrutgåve av ein jarnbane. Eit fastmontert modell vert kalla modelljarnbaneanlegg, eller berre MJ-anlegg. Nokre modellbyggjarar byggjer sine anlegg etter førebilete på verklege jarnbaner og prøver å få modellen så lik som mogeleg. Andre byggjer etter fri fantasi.
Mange modelljarnbaneenuiastar samlar seg i klubbar der medlemmane byggjer og driftar eit felles anlegg. Trondhjem Modelljernbaneklubb som vart starta i 1955 er Noregs eldste aktive modelljarnbaneklubb.
Skalaer
[endre | endre wikiteksten]Modelljernbaner kan byggjast i ei rekke forskjellige skalaer, der den største er nesten ti gongar så stor som den minste. Den mest vanlege skalaen er H0 (utt. Hå null) som har eit størrelsesforhold på 1:87.
Skalens namn | Størrelsesforhold | Sporvidde |
---|---|---|
2 (II) 2m (G) |
1:22,5 | 64 mm 45 mm |
1 | 1:32 | 45 mm |
0 | 1:45 | 32 mm |
S | 1:64 | 22,5 mm |
H0 | 1:87 | 16,5 mm |
TT | 1:120 | 12 mm |
N | 1:160 | 9 mm |
Z | 1:220 | 6,5 mm |
Ein har andre skalaer og, men desse er dei mest kjende. I tillegg til desse finn ein blant anna ei rekkje større skalaer slik som til dømes 1:8 og 1:11. Desse er så store at folk kan sitte oppå toga medan ein køyrer. Slike tog er sjølvsagt plasskrevjande og dyre, spesielt om ein ikkje vil byggje dei sjølv. Ein jernbane i ei slik skala er difor helst for dei med stor lommebok og enda større hage.