Hopp til innhald

McKenzie County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hovudgata i Watford City

McKenzie County er eit fylke vest i den USA-amerikanske delstaten Nord-Dakota. Flatevidda til fylket er på 7 410 km². I vest deler fylket grense med delstaten Montana. McKenzie County vart grunnlagt i 1883 og organisert i 1905. Småbyen Watford City er fylkessete.

Tiåret 2010-20 voks folketalet i fylket frå vel 6 000 til over 14 000, grunna utvinning av skifer-olje i det som vert kalla Bakken-formasjonen.

Ved folketeljinga 2000 vart 33,4 % av ibuarane registrert som norskætta og 20,9 % som tyskætta.