Maybe I'm Amazed
Maybe I'm Amazed Song av Paul McCartney frå albumet McCartney | ||
Utgjeve | 17. april 1970 | |
Innspelt | 22. februar 1970 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:49 | |
Selskap | Apple | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
---|---|---|
Produsent | Paul McCartney |
«Maybe I'm Amazed» er ein song skriven av Paul McCartney som først vart gjeven ut i 1970 på albumet hans McCartney. McCartney dediserte songen til kona si, Linda, som hjelpte han kome seg gjennom oppløysinga av The Beatles.
Sjølv om den originale innspelinga aldri kom ut på singel, vart eit konsertopptak av det seinare bandet til McCartney, Wings, frå konsertalbumet Wings over America gjeven ut på singel. Denne versjonen vart ein hit i USA, der han nådde Topp 10, og nådde 28. plassen i Storbritannia.[1][2]
I 2011 rangerte Rolling Stone «Maybe I'm Amazed» på 347. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]McCartney skreiv songen i 1969, like før Beatles vart oppløyst. Han dediserte songen til kona Linda som hjelpte han gjennom den vanskelege tida.[4] Sjølv om det meste av debutalbumet hans vart spelt inn i heimen hans i London, spelte McCartney inn «Maybe I'm Amazed» i EMI sitt Studio 2 i Abbey Road, same dagen som han spelte inn «Every Night».[5] Han spelte alle instrumenta sjølv: gitar, bass, piano, orgel og trommer. Sjølv om McCartney avslo å gje ut songen på singel i 1970, vart han mykje spelt på radio verda over.[5] Det vart laga ein musikkvideo med stillbilete av McCartney, kona Linda, stedottera Heather og dottera Mary,[5] som først vart send i Storbritannia den 19. april 1970 og som ein del av ein episode på CBS Television sitt The Ed Sullivan Show.[6]
Den originale studioversjonen av songen vert tona ut i staden for å bli avslutta, men McCartney skreiv seinare ei avslutning for konsertversjonar av songen. McCartney framførte denne først med Wings i Châteauvallon i Frankrike den 9. juli 1972.[7]
Det vert rekna som ein av dei beste kjærleikssongane til McCartney og vart rangert på 347. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3]
Konsertversjon
[endre | endre wikiteksten]Maybe I'm Amazed Singel av Wings frå albumet Wings over America | ||
B-side |
«Soily» | |
---|---|---|
Utgjeve | 4. februar 1977 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:11 | |
Selskap | Capitol | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
Produsent | Paul McCartney | |
Wings-kronologi | ||
«Let 'Em In» (1976) |
Maybe I'm Amazed | «Mull of Kintyre» (1977)
|
Eit konsertopptak frå 1976 på albumet Wings over America kom ut på singel med bandet til McCartney, Wings[4] den 4. februar 1977 og nådde 10. plassen i USA på Billboardlista,[8] og 28. plassen i Storbritannia.[9] Det finst òg andre konsertopptak på albuma Back in the U.S. og Back in the World.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]7"
[endre | endre wikiteksten]- «Maybe I'm Amazed» – 5:11
- «Soily» – 5:10
12"-promosingel for Record Store Day 2013
[endre | endre wikiteksten]Side A
- «Maybe I'm Amazed - Short Version (Mono)» – 3:43
- «Maybe I'm Amazed - Album Version (Mono)» – 5:11
Side B
- «Maybe I'm Amazed - Short Version (Stereo)» – 3:43
- «Maybe I'm Amazed - Album Version (Stereo)» – 5:11
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]McCartney-versjonen
- Paul McCartney – solovokal, gitar, bassgitar, piano, orgel, trommer
- Linda McCartney – korvokal
Wings Over America-versjonen
- Paul McCartney – solovokal, piano
- Linda McCartney – korvokal, organ
- Denny Laine – korvokal, bassgitar
- Jimmy McCulloch – sologitar
- Joe English – trommer
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- London-bandet Fickle Pickle gav ut «Maybe I'm Amazed» på singel i 1970 og fekk ein hit med songen i Nederlandet året etter.[14]
- Faces framførte songen på Fillmore East i 1970 og denne kom ut på albumet deira Long Player. Eit studioopptak art gjeven ut på singel før albumet kom ut.[15]
- Den 27. mai 2011 heldt den offisielle YouTube-kanalen til Paul McCartney ein «Maybe I'm Amazed Cover-konkurranse», der brukarar kunne sende inn videoar av seg sjølv der dei spelte ssongen. Vinnaren var den som fekk flest 'likes'. «Troubleclef» vart kåra til vinnaren.[16][17]
- Skodespelaren Keke Palmer og Jeremy Jordan framførte songen på filmmusikkalbumet til Joyful Noise.
- Billy Joel spelte inn songen for hyllestalbumet The Art of McCartney.[18]
- Skodespelaren Jamie Dornan framførte songen i filmen Fifty Shades Freed.[19]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maybe I'm Amazed» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Paul McCartney Charts and Awards». allmusic. Henta 13. oktober 2011.
- ↑ «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 13. oktober 2011.
- ↑ 3,0 3,1 «Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Henta 17. mai 2018.
- ↑ 4,0 4,1 «Maybe I'm Amazed by Paul McCartney Songfacts». songfacts.com. Henta 17. mai 2018.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 «Paul McCartney: Maybe I'm Amazed | The Beatles Bible». beatlesbible.com. Henta 17. mai 2018.
- ↑ Miles, Barry; Badman, Keith, red. (2001). The Beatles Diary After the Break-Up: 1970–2001 (reprint utg.). London: Music Sales Group. ISBN 978-0-7119-8307-6.
- ↑ «Song – Paul McCartney». paulmcartney.com. Henta 17. mai 2018.[daud lenkje]
- ↑ «Paul McCartney singles». allmusic. Henta 17. mai 2018.
- ↑ Calkin, Graham (200). «Paul McCartney - Maybe I'm Amazed». jpgr.com. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 27. juli 2016.
- ↑ Cash Box Top 100 Singles, 2. april 1977
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 27. juli 2016.
- ↑ Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 31. desember 1977
- ↑ Chart history at Top40.nl
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Long Player». allmusic.com.
- ↑ Winner announcement on Paul McCartney Website Arkivert 6. mars 2009 ved Wayback Machine. 28. juni 2011 official website update
- ↑ Troubleclef's cover of «Maybe I'm Amazed» på YouTube
- ↑ «The Art of McCartney - Various Artists». AllMusic. Henta 17. mai 2018.
- ↑ «Fifty Shades Freed (Original Motion Picture Soundtrack) by Various Artists». iTunes.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]348: «You Keep Me Hanging On» The Supremes |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 347 «Maybe I'm Amazed» Paul McCartney |
346: «Walk This Way» Aerosmith |
- Songar frå 1970
- Singlar frå 1971
- Singlar frå 1977
- Paul McCartney-songar
- Faces-songar
- Wings-songar
- Songar skrivne av Paul McCartney
- Apple Records-singlar
- Capitol Records-singlar
- Songar produserte av Paul McCartney
- Jem-songar
- Norah Jones-songar
- Billy Joel-songar
- Sandie Shaw-songar
- Petula Clark-songar
- Lena Horne-songar
- Elkie Brooks-songar
- Nancy Sinatra-songar
- Joe Cocker-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone