Mark Zuckerberg
Mark Zuckerberg | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 14. mai 1984 (40 år) White Plains |
Yrke | programmerar, gründer, informatikar, mesen, administrerande direktør, velgjerar |
Språk | mandarinspråk, engelsk |
Formue | 69 800 000 000 US-dollar |
Høgd | 170 centimeter |
Medlem av | Tsinghuauniversitetet |
Religion | Jødedommen |
Far | Edward Zuckerberg |
Mor | Karen Kempner |
Ektefelle | Priscilla Chan |
Mark Zuckerberg på Commons |
Mark Elliot Zuckerberg (fødd 14. mai 1984) er ein amerikansk konsernsjef. Zuckerberg var initiativtakar og medgründer av Facebook, som gjorde han til milliardær i ung alder.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Mark Zuckerberg vaks inn i ein jødisk familie.[1] I ein periode definerte han seg som ateist,[2][3] men slutta seg til den jødiske trua etter at han sjølv vart far.[4][5] Mora hans, Karen Kempner, var psykiater, og faren, Edward Zuckerberg, var tannlege.[6] Forfedrane hans kom frå Tyskland, Austerrike og Polen.[7] Han vaks opp i White Plains i delstaten New York.[8] Zuckerberg kan både lesa og skriva på fem språk: engelsk, fransk, latin, gresk og hebraisk. Han har òg overkomeleg kjennskap til kinesisk.[9][10]
Zuckerberg skipa nettsamfunnet Facebook saman med klassekameratane Dustin Moskovitz, Eduardo Saverin og Chris Hughes medan han var student ved Harvard University.[11] I 2006 avslutta han studiane sine utan eksamen for å satsa på Facebook.
I 2010 hadde Zuckerberg ein anslått formue på 6,9 milliardar dollar,[12] og var den yngste dollar-milliardæren i verda allereie i oktober 2009.[13]
Den 19. mai 2012 gifta han seg med Priscilla Chan,[14] som han hadde møtt på ein fest i 2003. Saman har dei tre born[15] Dei bur i ein villa i Palo Alto i California.[16] Han kjøpte alle dei fire tilgrensande eigedomane for å kunna vera fri frå blikket til nysgjerrige naboar.[17]
I 2017 vart han gjort til æresdoktor ved Harvard University.[18][19]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Yaniv Halili (19. mars 2010). «Changing His Status». 7 Days, Yedioth Ahronoth, issue #2408. s. 94–100.
- ↑ Vara, Vauhini (28. november 2007). «Too Much Information? - WSJ.com». Online.wsj.com. Henta 26. juni 2010.
- ↑ «The 50 Most Brilliant Atheists of All Time». Brainz.org. Arkivert frå originalen 20. november 2010. Henta 17. november 2010.
- ↑ «Mark Zuckerberg says he’s no longer an atheist, believes ‘religion is very important’». Washington Post (på engelsk). ISSN 0190-8286.
- ↑ Price, Rob, «Mark Zuckerberg says he's become 'more religious' after becoming a father in rare public discussion about faith: 'The last few years have been really humbling for me'», Business Insider (på engelsk), henta 9. desember 2022
- ↑ «The Zuckerbergs of Dobbs Ferry», New York, no. 14. mai 2012, henta 21. mai 2012
- ↑ Zuckerberg, Mark (27. januar 2017). «My great grandparents came from Germany, Austria, and Poland.». Facebook (PaloAlto).
- ↑ «Mark Zuckerberg», www.jewishvirtuallibrary.org, henta 9. desember 2022
- ↑ «Mark Zuckerberg - On Wednesday I did my first ever public Q&A in Chinese». Henta 23. oktober 2014.
- ↑ «Priscilla Chan: New doctor turned Mrs. Zuckerberg». CNN. 21.05.2012. Henta 30.12.2018.
- ↑ «Company Timeline». Facebook. Henta 3. oktober 2008.
- ↑ Forbes billionaire topic page on Mark Zuckerberg Arkivert 2011-09-02 ved Wayback Machine. Forbes. inloggning behövs, besøkt april 2010.
- ↑ In Pictures: The World's Youngest Billionaires. Forbes.com, besøkt 8. oktober 2009.
- ↑ «Facebook's Mark Zuckerberg marries longtime girlfriend, Priscilla Chan», NBC News (på engelsk), henta 9. desember 2022
- ↑ Hartmans, Madeline Stone, Avery, «Inside the 19-year relationship of Meta CEO Mark Zuckerberg and Priscilla Chan, who are about to have their 3rd baby together», Business Insider (på engelsk), henta 9. desember 2022
- ↑ «Inside the $7 million home of Mark Zuckerberg in Palo Alto, California» (på engelsk). 11. april 2018. Henta 30. desember 2018.
- ↑ Shontell, Alyson, «Mark Zuckerberg Just Spent More Than $30 Million Buying 4 Neighboring Houses For Privacy», Business Insider (på engelsk), henta 9. desember 2022
- ↑ University, Harvard, «History of honorary degrees», Harvard University (på engelsk), henta 9. desember 2022
- ↑ «Mark Zuckerberg gets honorary Harvard degree after dropping out». BBC News (på engelsk). 25. mai 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Mark Zuckerberg» frå Wikipedia på bokmål, den 9. desember 2022.