Marcello Mastroianni
Marcello Mastroianni | |||
| |||
Fødd | 28. september 1924 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fontana Liri | ||
Død | 19. desember 1996 (72 år) | ||
Dødsstad | Paris | ||
Fødenamn | Marcello Vincenzo Domenico Mastrojanni | ||
Aktive år | 1938–1996 | ||
Verka som | skodespelar, filmskodespelar | ||
Far | Otteno Mastroianni | ||
Ektefelle | Flora Carabella | ||
Sambuar | Catherine Deneuve, Faye Dunaway, Anna Maria Tatò, Anouk Aimée, Ursula Andress, Claudia Cardinale, Lauren Hutton | ||
Born | Chiara Mastroianni, Barbara Mastroianni | ||
Prisar | Golden Globe, beste mannlige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes, Volpi-pokalen for beste mannlige filmrolle, César-prisen, Knight Grand Cross of the Order of Merit of the Italian Republic, Den europeiske filmprisen for livslang innsats, Sølvmuslingen for beste mannlige skuespiller |
Marcello Mastroianni (28. september 1924–19. desember 1996) var ein italiensk skodespelar, kjend for ei rekkje prisvinnande filmroller.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Mastroianni var fødd i Fontana Liri i Italia. Foreldra hans var fattige bønder. Under andre verdskrigen arbeidde han ein kort periode som teiknar, før han blei send til ein arbeidsleir av tyskarane. Han klarte å rømma, og heldt til resten av krigen i eit vindusrom i Venezia. Etter krigen drog han til Roma, der han på dagtid arbeidde som kontorist, og om kvelden byrja å spela teater.
Filmskodespelar
[endre | endre wikiteksten]Mastroianni hadde filmdebuten sin i 1947 i den italienske versjonen av Victor Hugo si Les Misérables. Frå midten av 1950-åra etablerte han seg som internasjonal stjerne. Han var minneverdig i Federico Fellini-filmen La dolce vita (1960).
Han var gift med éi kvinne frå 1948 og fram til han døydde. Likevel hadde han fleire omtalte kjærleiksforhold. Mot slutten av 1960-åra med Faye Dunaway, som han trefte under innspelinga av Et sted for elskende. Åra 1971–1975 hadde han eit kjærleiksforhold til den franske skodespelaren Catherine Deneuve, som han fekk ei dotter med.
Filmar i utval
[endre | endre wikiteksten]År | Norsk tittel | Originaltittel | Regissør |
---|---|---|---|
1950 | En søndag i august | Domenica d'Agosto | Luciano Emmer |
1951 | Paris er alltid Paris | Parigi è sempre Parigi | Luciano Emmer |
1954 | - | Giorni d'amore | Giuseppe De Santis |
1956 | Deilig å være kvinne | La fortuna di essere donna | Alessandro Blasetti |
1957 | Hvite netter | Le notti bianche | Luchino Visconti |
1960 | Det søte liv | La dolce vita | Federico Fellini |
1961 | Natten | La notte | Michelangelo Antonioni |
1963 | 8½ | 8½ | Federico Fellini |
1963 | I går, i dag, og i morgen | Ieri, oggi, domani | Vittorio De Sica |
1963 | Skilsmisse på italiensk | Divorzio all'Italiana | Pietro Germi |
1964 | Ekteskap på italiensk | Matrimonio all'italiana | Vittorio De Sica |
1965 | Mannen, kvinnen og pengene | Oggi, domani, dopodomani | Eduardo De Filippo,Marco Ferreri,Luciano Salce |
1965 | Mannen med ballongene | L'uomo dei cinque palloni | Marco Ferreri |
1967 | Den fremmede | Lo straniero | Luchino Visconti |
1968 | Et sted for elskende | Amanti | Vittorio De Sica |
1970 | Leo den siste | Leo the Last | John Boorman |
1973 | Etegildet | La grande bouffe | Marco Ferreri |
1977 | En spesiell dag | Un giornata particolare | Ettore Scola |
1980 | Kvinnebyen | Città delle donne | Federico Fellini |
1982 | Natten i Varennes | Il mondo nuovo | Ettore Scola |
1985 | Ginger og Fred | Ginger e Fred | Federico Fellini |
1986 | Birøkteren | O melissokomos | Theo Angelopoulos |
1987 | Sorte øyne | Oci ciornie | Nikita Mikhalkov |
1990 | Alle har det bra | Stanno tutti bene | Giuseppe Tornatore |
1991 | Storkens nølende steg | To meteoro vima tou pelargou | Theo Angelopoulos |
1994 | Den nakne sannheten | Prêt-à-Porter | Robert Altman |
1996 | Tre liv og bare en død | Trois vies & une seule mort | Raúl Ruiz |
Ærestilvisingar
[endre | endre wikiteksten]Vunne
[endre | endre wikiteksten]- David di Donatello
- Beste mannlege hovudrolle
- 1964 I går, i dag, og i morgen
- 1965 Ekteskap på italiensk
- 1986 Ginger og Fred
- 1988 Sorte øyne
- 1995 Sostiene Pereira
- 1983 Carrer David
- 1995 Spesial David
- 1997 Carrer David (posthum)
- Beste mannlege hovudrolle
- Sølvbandet
- Beste mannlege hovudrolle
- 1955 Giorni d'amore
- 1958 Hvite netter
- 1961 Det søte liv
- 1962 Skilsmisse på italiensk
- 1986 Ginger og Fred
- 1988 Sorte øyne
- 1991 Verso sera
- 1997 Spesial Nastro d'Argento (posthum)
- Beste mannlege hovudrolle
- Filmfestivalen i Venezia
- Gulløven
- 1990 Ærespris
- Beste mannlege hovudrolle
- 1989 Che ora è?
- Beste mannlege birolle
- 1993 Un, deux, trois, soleil
- Gulløven
- Filmfestivalen i Cannes
- Beste mannlege hovudrolle
- 1970 Dramma della gelosia (tutti i particolari in cronaca)
- 1988 Sorte øyne
- Beste mannlege hovudrolle
- BAFTA-prisen
- Beste utanlandske mannlege hovudrolle
- 1963 Skilsmisse på italiensk
- 1964 I går, i dag, og i morgen
- Beste utanlandske mannlege hovudrolle
- Golden Globe
- Golden Globe for beste mannlege hovudrolle – Filmmusical eller komedie
- 1962 Skilsmisse på italiensk
- Golden Globe for beste mannlege hovudrolle – Filmmusical eller komedie
- César-prisen
- 1993 Ærescésar
Oscar-nominasjonar
[endre | endre wikiteksten]- 1963 – Beste mannlege hovudrolle – Skilsmisse på italiensk[1]
- 1978 – Beste mannlege hovudrolle – En spesiell dag[1]
- 1988 – Beste mannlege hovudrolle – Sorte øyne[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Mastroianni Leaves a Memorable, Enduring Legacy» (på engelsk). 20. desember 1996. Henta 15. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Marcello Mastroianni» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2022.