Hopp til innhald

Marc Girardelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marc Girardelli


Statsborgarskap Luxembourg, Austerrike
Fødd 18. juli 1963 (61 år)
Lustenau
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 1994, Alpint under Vinter-OL 1992 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 1992 – Storslalåm menn
Utmerkingar Skieur d’Or, Skieur d’Or

Marc Girardelli (fødd 18. juli 1963) er ein tidlegare alpinist frå Lustenau i Vorarlberg i Austerrike som representerte Luxemburg. Han vann verdscupen i alpine greiner heile fem gongar; 1985, 1986, 1989, 1991 og 1993. Girardelli, som vann 46 renn i verdscupen i tida februar 1983-januar 1996, er ein av få alpinistar som har vunne verdscuprenn i samtlege fem øvingar.

Girardelli vann fire gullmedaljar i fire ulike alpine verdsmeisterskap. Tre av VM-triumfane kom i kombinasjons-øvinga; 1987, 1989 og 1996, medan han i 1991 tok VM-gullet i slalåmtevlinga. I alt vann han 13 medaljar i VM og OL i åra 1985-96; fire gull, seks sølv og tre bronsar.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]