Manuel I av Portugal
Manuel I av Portugal | |||
| |||
Konge av Portugal og Argarve | |||
Regjeringstid | 25. oktober 1495–13. desember 1521 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 31. mai 1469 | ||
Fødestad | Lisboa | ||
Død | 13. desember 1521 | ||
Dødsstad | Lisboa | ||
Gravstad | Hieronymittklostret | ||
Føregangar | Johan II av Portugal | ||
Etterfølgjar | Johan III av Portugal | ||
Gift med | Isabella av Portugal, Maria av Aragon og Castilla, Elenore av Østerrike | ||
Dynasti | huset Avis | ||
Far | Infante Ferdinand, Duke of Viseu | ||
Mor | Infanta Beatrice, Duchess of Viseu | ||
Born | Miguel da Paz, Johan III av Portugal, Isabella av Portugal, Beatrice av Portugal, Luis av Portugal, Ferdinand av Portugal, Afonso de Portugal, Henrik I av Portugal, Edvard av Portugal, Maria av Portugal, Antonio de Portugal, Carlos of Portugal, Maria of Portugal |
Manuel I av Portugal (31. mai 1469–13. desember 1521) var konge av Portugal og Algarve.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Manueln var son av infante Ferdinand, hertug av Viseu (1433–70) og kona hans, infanta Beatrice, hertuginne av Viseu.
Konge
[endre | endre wikiteksten]Manuel blei konge etter at fetteren og svogeren hans Johan II døydde i 1495 uten mannlege arvinaer, men allereie hadde utnemnd Manuel som etterfylgjar. Namnet hans er knytt til ein periode i portugisisk historie prega av store prestasjonar både innen politiske affærar og i kunstartane, hovudsakleg grunna kva kong Johan II hadde byrja. Til trass for den relative litle storleiken og folketalet til landet samanlikna med andre, større europeiske nasjonar, var Portugal i stand til å bygge eit oversjøisk verdsrike av enorme proporsjonar og med ein global dimensjon under styret til Manuel.
Regjeringstida til Manuel I var også viktig gjennom utgjevinga av ei ny lovbok og nyordning av rettsvesenet og undervisningsvesenet.
På grunn av Manuel sitt samband med nabolandet, Castilla, var regjeringstida hans også prega av forfølging både av den mauriske (muslimske) og den jødiske folkesetnaden. Dei katolske monarkane, Isabella I av Castilla og medregenten hennar Ferdinand II av Aragón, hadde forvist alle jødar i dei to rika sine i 1492. Då Manuel I ønskte å gifta seg med dotter deira, gjekk han med på ein ekteskapskontrakt som kravde at han måtte forfølgja jødane i Portugal. I desember 1496 blei det bestemt at alle jødar i Portugal anten måtte konvertera til kristendommen eller forlate landet utan å ta med seg ungane sine.
I 1506 blei Manuel I tiødelt utmerkinga av Gylne rose av pave Julius II. I 1514 fekk han som den fyrste mottakaren si andre Gylne rose av pave Leo X. Han blei kalla for Manuel o Afortunado, «den lukkelege».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Manuel I av Portugal» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2022.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Góis, Damião de (1749): «Chronica do serenissimo senhor rei d. Manoel», Na officina de M. Manescal da Costa.
- Lowenstein, Steven (2001): The Jewish Cultural Tapestry: International Jewish Folk Traditions. Oxford University Press. s. 36.
- Benveniste, Arthur (1997): «500th Anniversary of the Forced Conversion of the Jews of Portugal» i: Address at Sephardic Temple Tifereth Israel, Los Angeles.
- «Monarch Profile: King Manuel I of Portugal», The Mad Monarchist
- «The Persecution of the Jews and Muslims of Portugal. King Manuel I and the End of Religious Tolerance (1496–7)», Reviews in History
- Lewis, Jone Johnson: «Marriages of Manuel I. Spanish and Portuguese Intermarriages», About.com