Malene
Malene er eit kvinnenamn som er ei dansk kortform av Magdalene. Namnet finst også i fleire romanske språk som Malena. Malene har norsk namnedag den 22. juli medan Malena har svensk namnedag den 10. desember.
Tyding
[endre | endre wikiteksten]Jentenamnet er ei dansk kortform av Magdalene, eit gresk namn som tyder 'frå Magdala'. Magdala er ein by som ligg ved Genesaretsjøen. Namnet er kjend frå Bibelen gjennom Maria Magdalena.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet var noko brukt i Noreg ved slutten av 1800-talet. Bruken voks plutseleg ved midten av 1980-talet, då 0,30 % av jentebarn fekk namnet. Sidan 2000 har bruken gått litt nedover.
I 2008 var det 2224 norske kvinner som heitte Malene og 231 som heitte Malena.
Nærskylde namn
[endre | endre wikiteksten]Andre nordiske kortformer av Magdalene er Magda, Malin og Lena. Marlene er eit likande og nærskyld namn av tysk opphav.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Malene Schwartz (f. 1936), dansk skodespelar
- Malena Burke (f. 1958), kubansk-amerikansk songar
- Malena Ernman (f. 1970), svensk operasongar
- Malena Alterio (f. 1974), spansk-argentinsk skodespelar
- Malene Mortensen (f. 1982), dansk songar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Malene hjå Statistisk Sentralbyrå
- behindthename.com