Make the World Go Away
Make the World Go Away Song av Ray Price frå albumet Burning Memories | ||
Utgjeve | 1963 | |
Sjanger | Country | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Hank Cochran |
---|
Make the World Go Away Singel av Eddy Arnold frå albumet My World | ||
B-side |
«Easy Way» | |
---|---|---|
Utgjeve | Oktober 1965 | |
Sjanger | Country | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | Hank Cochran | |
Produsent | Chet Atkins | |
Eddy Arnold-kronologi | ||
«I'm Letting You Go» (1965) |
Make the World Go Away | «I Want to Go with You» (1966)
|
«Make the World Go Away'» er ein country-popsong skriven av Hank Cochran. Songen nådde topp 40 tre gonger: Timi Yuro (i 1963), for Eddy Arnold (1965) og for duoen Donny og Marie Osmond (1975). Den originale versjonen av songen vart spelt inn av Ray Price i 1963. Songen har vore ein countrystandard sidan den gongen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Hank Cochran skreiv songen medan han var på ein kinodate i 1960, då filmen inspirerte han. Han drog hei og i løpet av kort tid hadde han skrive «Make the World Go Away». Ray Price spelte inn songen, og nådde andreplassen på Billboard country-lista i 1963. Året etter gjorde Eddy Arnold songen til sin signaturlåt, og nådde toppen av countrylista og så i 1965 sjetteplassen på Billboard Hot 100-lista, den høgaste plasseringa gjennom karrieren hans.
Versjonar
[endre | endre wikiteksten]Mange artistar har spelt inn denne songen i løpet av åra:
I 1963 gav Timi Yuro ut ein soulversjon av songen for albumet hennar med same namn. Denne hadde ein viss suksess og nådde 24. plassen på Billboard-lista og 11. plassen på den kanadiske singellista.
Jim Reeves spelte inn songen i juli 1964 under den siste innspelinga hans. Songen vart gjeven ut som opningssporet på albumet The Jim Reeves Way i 1965.
Harry James spelte inn ein versjon i 1966 på albumet Harry James & His Western Friends (Dot DLP 3735 og DLP 25735) og igjen i 1977 på albumet Comin' From A Good Place (Sheffield Lab LAB 6).
Elvis Presley sin versjon frå 1970 vart gjeven ut som det siste sporet på albumet Elvis Country (I'm 10,000 Years Old)[1]. Dean Martin spelte inn sin versjon av songen i 1970 på albumet My Woman, My Woman, My Wife.
I 1975 spelte Donny Osmond og Marie Osmond «Make the World Go Away», og fekk ein hit med songen i Storbritannia og USA.
I 1978 gav countryartisten Charly McClain ut «Make the World Go Away» for det andre albumet hennar, Let Me Be Your Baby. Singelen, i lag med «Leanin' on the Bottle», nådde 73. plassen på countrylista.
Roger Whittaker spelte inn songen i 1987 for albumet His Finest Collection.
I oktober 2004 gav Mickey Gilley ut sin versjon av «Make the World Go Away» for den fiktive radiostasjonen K-Rose i videospelet Grand Theft Auto: San Andreas.
I 2005 gav Martina McBride ut «Make the World Go Away» for albumet hennar Timeless.
Andre populære songarar som har spelt inn songen er mellom andre Engelbert Humperdinck, Jimmie Rogers og Tom Jones.
I oktober 2012 framførte Alison Krauss og Jamey Johnson ein versjon av songen på Late Show with David Letterman, for å marknadsføre albumet Living for a Song: A Tribute to Hank Cochran.
Jim Adkins frå det amerikanske rockebandet Jimmy Eat World spelte songen på fleire konsertar under den første europeiske soloturneen sin.[1]
The Secret Sisters har spelt songen på konsertane sine sidan 2015.
Countrysongaren Kelsea Ballerini framførte songen på Grand Ole Opry i 2016.
Andre språk
[endre | endre wikiteksten]I Italia fanst det to lokale versjonar. Den første, kalla Resta solo come sei, med italiensk tekst av Leo Chiosso, vart spelt inn i 1964 aav Iva Zanicchi. DEn andre, kalla Qualche cosa tra noi, vart arrangert og skriven av Giancarlo Chiaramello, og spelt inn seint i 1967 av den japanske songaren Yoko Kishi.
Plassering
[endre | endre wikiteksten]Ray Price
[endre | endre wikiteksten]Liste (1963) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 2 |
U.S. Billboard Hot 100 | 100 |
Timi Yuro
[endre | endre wikiteksten]Liste (1963) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 24 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 8 |
Eddy Arnold
[endre | endre wikiteksten]Liste (1965) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 6 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 1 |
Canada RPM Adult Contemporary | 2 |
UK Singles Chart | 8 |
Donny- og Marie Osmond
[endre | endre wikiteksten]Liste (1975) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 71 |
U.S. Billboard Hot 100 | 44 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 31 |
Canada RPM Adult Contemporary | 40 |
Canada RPM Top Singles | 33 |
UK Singles Chart | 18 |
Irish Singles Chart | 20 |
Charly McClain
[endre | endre wikiteksten]Liste (1977) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 73 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Make the World Go Away» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1963
- Singlar frå 1966
- Ray Price-songar
- Eddy Arnold-songar
- Charly McClain-songar
- Donny Osmond-songar
- Marie Osmond-songar
- Carrie Underwood-songar
- Brad Paisley-songar
- Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista
- Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista
- Grammy Hall of Fame Award
- Songar skrivne av Hank Cochran
- Songar produserte av Chet Atkins
- RCA Records-singlar
- Kitty Wells-songar
- Jim Reeves-songar
- Al Martino-songar
- Brenda Lee-songar
- Pat Boone-songar
- Jack Greene-songar
- Webb Pierce-songar
- Chet Atkins-songar
- Tennessee Ernie Ford-songar
- Johnny Paycheck-songar
- Billy Walker-songar
- Dottie West-songar
- Nancy Wilson-songar
- Lou Rawls-songar
- Dinah Shore-songar
- Dean Martin-songar
- Henry Mancini-songar
- The Osmonds-songar
- Vera Lynn-songar
- B.J. Thomas-songar
- Roger Whittaker-songar
- Anne Murray-songar
- Martina McBride-songar
- Johnny Mathis-songar
- Bobby Bare-songar
- Duffy-songar
- Willie Nelson-songar
- Hank Snow-songar