Madama Butterfly
| |||
Språk | italiensk | ||
---|---|---|---|
Tilverting | 27. desember 1903 | ||
Sjanger | opera, tragedie | ||
Utgitt | 15. februar 1904 | ||
Uroppføring | 17. februar 1904 |
Madama Butterfly er ein opera i tre akter (opphavleg to) av Giacomo Puccini, med libretto av Luigi Illica og Giuseppe Giacosa. I daglegtale blir operaen ofte omtala som «Madame Butterfly» (med stum e i Madame).
Uroppføringa av originalversjonen av Madama Butterfly, som hadde to akter, fann stad på La Scala i Milano 17. februar 1904.
Handling
[endre | endre wikiteksten]Madama Butterfly går føre seg i hamnebyen Nagasaki i Japan. Handlinga byrjar i 1904.
Akt I
[endre | endre wikiteksten]I 1904 leier ein amerikansk marineoffiser, Pinkerton, eit hus på ei høgd i Nagasaki. Der ønsker han å flytta inn saman med den nye kona si, som blir kalla «Butterfly», men eigentleg heiter Cio-Cio-san. Ho er ei 15 år gammal japansk jente som Pinkerton giftar seg med for enkelheits skyld, og han har til hensikt å forlata henne når han finn ei skikkeleg amerikansk kone.
Vigselen skal finna stad i den nye heimen deira. Butterfly er så spent på å gifta seg med ein amerikanar, at ho tidlegare, i løyndom, har konvertert til kristendommen. Men etter bryllupsseremonien kjem onkelen hennar, ein bhikkhu, uboden inn etter å ha oppdaga omvendinga til Cio-Cio-san. Han forbannar henne, og gjev alle gjestene ordr om å dra. Pinkerton og Butterfly syng ein kjærleiksduett saman, og førebur seg på si fyrste natt saman.
Akt II
[endre | endre wikiteksten]Tre år seinare venter «Butterfly» framleis på at Pinkerton skal koma tilbake, etter at han reiste sin veg kort tid etter bryllaupet deira. Tenaren hennar Suzuki prøver å overtyda Butterfly om at Pinkerton aldri vil koma tilbake. Men Butterfly vil ikkje høyra på henne. Goro, som arrangerte ekteskapet hennar, kjem for å prøva å gifta henne bort igjen til ein annan, men ho høyrer ikkje på han heller. Den amerikanske konsulen, Sharpless, kjem til huset med eit brev han har fått frå Pinkerton, som ber han fortelja Butterfly at han endeleg er på veg tilbake til Japan. Sharpless klarer ikkje å fortelja ferdig innhaldet i brevet fordi Butterfly blir for oppspilt over å høyra at Pinkerton er på veg tilbake.
Sharpless spør Butterfly kva ho ville gjort om Pinkerton ikkje kom tilbake. Ho avslører for han at ho fødde sonen til Pinkerton etter at han var reist, og ber Sharpless bringa denne nyheita vidare til Pinkerton. Frå huset ser Butterfly skipet til Pinkerton koma til hamna. Ho og Suzuki førebur seg på at han skal koma, og så venter dei. Suzuki og barnet sovnar etter kvart, men Butterfly held seg vaken heile natta og ventar på at ektemannen endeleg skal dukka opp.
Akt III
[endre | endre wikiteksten]Neste morgon kjem Sharpless og Pinkerton til huset, i lag med den nye amerikanske kona til Pinkerton, Kate. Dei har kome fordi Kate har gått med på å oppdra barnet hans med Butterfly. Når Pinkerton ser korleis Butterfly har dekorert huset for han, innser han at han har gjort ein stor feil. Pinkerton vedgår at han er en feiging som ikkje klarer å møte den tidlegare kona si. Han let Suzuki, Sharpless og Kate fortelja Butterfly sanninga.
Ho går med på å gi frå seg barnet sitt om Pinkerton sjølv kjem for å sjå henne, og ber deretter til statuar av forfedrane sine gudar, seier farvel til sonen og tek bind for auga på han. Ho set eit lite amerikansk flagg i hendene hans og går så bak ein skjerm og stikk seg sjølv med faren sin seppuku-kniv. Pinkerton skundar seg inn i rommet, men er for seint ute, og Butterfly døyr.
Roller
[endre | endre wikiteksten]- Cio-Cio San (Madama Butterfly) – lyrisk sopran
- Suzuki, tenaren hennar – mezzo-sopran
- B.F. Pinkerton, amerikansk marineløytnant – tenor
- Sharpless, amerikansk konsul i Nagasaki – baryton
- Goro, ekteskapsformidlar – tenor
- Prins Yamadori – tenor
- The Bonze, onkelen til Cio-Cio San – bass
- Yakuside, onkelen til Cio-Cio San – bass
- The Imperial Commissioner – bass
- The Official Registrar – bass
- Mor til Cio-Cio San – mezzo-sopran
- Tanten – sopran
- Kusinen – sopran
- Kate Pinkerton – mezzo-sopran
- Dolore ('Sorg'), barnet til Cio-Cio San (stum rolle)
- Cio-Cio San sine slektningar, venner og tenarar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Madama Butterfly» frå Wikipedia på bokmål, den 27. november 2024.