MS «Baronessa»
Utsjånad
M/S «Baronessa» i rute Os - Kvinnherad på slutten av 1990-talet. Foto: Harald Sætre | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Baronessa» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Holen mek. Verksted i Langevåg |
Verftsnummer: | 134 |
Sjøsett: | 1994 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LHEK |
IMO-nummer: | 9103776 |
Generelle mål | |
Type: | Snøggbåt |
Tonnasje: | 179 bruttotonnregister, 71 nrt |
Lengd: | 24,00 m |
Breidd: | 8,30 m |
Djupgang: | 1,20 m |
Installert effekt : | 2000 bhk |
Framdrift: | 2x 12cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen) |
Passasjerar: | 125 passasjerar |
Karriere | Sør-Korea |
Namn: | MS «Cosmos» |
Eigar: |
Sung Woo Ferry Co. Ltd. Korea Express Ferry Co. Ltd. |
Kjøpt: |
Mai 2005 19. februar 2007 |
Heimehamn: | Masan |
Karriere | Sør-Korea |
Namn: | MS «Angel» |
Eigar: | Joyang Transportation Co. Ltd. |
Kjøpt: | 23. februar 2009 |
Heimehamn: | Mokpo |
MS «Baronessa», i dag «Angel», er ein snøggbåt levert frå Holen mek. Verksted i Langevåg i august 1994 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Båten vart sett i Osruta (Stord-Kvinnherad-Tysnes-Os). Båten er systerskipet til MS «Baronen».
20. april 2004 kjørte båten tørrskott på land ved Ranavik i 25 knops fart. Kapteinen vart først dømd for ulukka, men seinare frikjend.
I mai 2005 vart båten seld til Sør-Korea og Sung Woo Ferry Co. i Masan, der han fekk namnet «Cosmos». Han skifta eigarar fleire gonger i Sør-Korea dei neste åra. I februar 2007 vart han seld til Korea Express Ferry Co. i Masan og i februar 2009 til Joyang Transportation Co., som gav han namnet «Angel». I 2011 er båten framleis i fart.