Loch Lubnaig
Utsjånad
Loch Lubnaig | |||
innsjø | |||
Sørenden av innsjøen
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | River Balvaig | ||
Utløp | River Leny | ||
Lengd | 5 km | ||
Koordinatar | 56°17′30″N 4°18′0″W / 56.29167°N 4.30000°W | ||
Loch Lubnaig 56°17′30″N 4°17′40″W / 56.291638°N 4.294395°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Lubnaig |
Loch Lubnaig er ein innsjø nær Callander i Stirling i Skottland. Han ligg i det tidlegare grevskapet Perthshire.
Innsjøen er kring 5 km lang og har ei djupne på opp til 44,5 meter. Innsjøen ligg mellom Ben Ledi og Ben Vorlich. Han får vatn frå River Balvaig frå nord og vert drenert av River Leny i sør. Det er mogeleg å fiske langs breidda av innsjøen, medan det er høve til å leige kano i nordenden.
Den tidlegare Callander- og Oban-banen går langs vestsida av innsjøen. Denne er no omgjort til sykkelveg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Loch Lubnaig» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2010.