Lisa
Utsjånad
Lisa er eit kvinnenamn og eit kortnamn, hovudsakleg ei avleiing frå Elisabet. Lisa har norsk namnedag den 2. september og svensk den 20. september.
Den finske forma av namnet er Liisa, medan ei vanleg engelsk form er Liza. Nærskylde namn er Liss, Lise og Elisa.
Namnet er mellom anna kjend frå bildet Mona Lisa måla av Leonardo da Vinci.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Lisa Thomasson (1878-1932), svensk samisk songar kjend som Lapp-Lisa
- Lisa Tetzner (1894–1963), tysk barnbokforfattar
- Liza May Minnelli (f. 1946), amerikansk skodespelar
- Lisa Coleman (f. 1960), amerikansk musikar
- Eva Elisabeth «Liza» Marklund (f. 1962), svensk forfattar
- Lisa Valerie Kudrow (f. 1963), amerikansk skodespelar
- Lisa Vidal (f. 1965), amerikansk skodespelar
- Lisa Stansfield (f. 1966), britisk songar
- Lisa Anne Loeb (f. 1968), amerikansk musikar
- Lisa Marie Presley (f. 1968), amerikansk songar
- Lisa Ekdahl (f. 1971), svensk musikar
- Lisa Lopes (1971–2002), amerikansk songar kjend som Left Eye
- Lisa Kelly (f. 1977), irsk songar
- Lisa Tønne (f. 1977), norsk artist
- Lisa Jakub (f. 1978), kanadisk skodespelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- «Lise» i Store norske leksikon, snl.no.