Letizia av Spania
Letizia av Spania | |||
| |||
Fødd | Letizia Ortiz Rocasolano 15. september 1972 Oviedo i Spania | ||
---|---|---|---|
Tittel | Kronprinsesse av Spania | ||
Alle titlar | Kronprinsesse av Spania | ||
Fullt namn | Letizia | ||
Hus eller slekt | huset Bourbon-Anjou, Spanish Royal Family | ||
Land | Spania | ||
Mor | Paloma Rocasolano Rodríguez | ||
Far | Jesús José Ortiz Álvarez | ||
Ektefelle | Felipe av Spania | ||
Sambuar | Alonso Guerrero Pérez, Kitín Muñoz | ||
Barn | Leonor av Spania, Sofia av Spania | ||
Medlem | Academy of Television and Audiovisual Arts and Sciences of Spain Asociación de la Prensa de Madrid |
Letizia av Spania (fødd 15. september 1972) er dronning av Spania sidan ektemaken Felipe blei spansk konge 19. juni 2014. Letizia er ein tidlegare spansk journalist som blei spansk kronprinsesse etter å ha gifta seg med kronprins Felipe. Paret har to barn, Leonor og Sofía.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Letizia tok mastergrad i journalistikk ved Complutense-universitetet i Madrid. Ho har arbeidd for avisene La Nueva España og ABC og nyheitsbyrået EFE. Etter studia arbeidde ho ei tid ved den meksikanske avisa Siglo XXI i Guadalajara. Då ho kom tilbake til Spania blei ho tilsett ved fjernsynskanalen Bloomberg før ho flytta til CNN+ og deretter til statlege TVE. Ho var nyheitsanker og reporter som mellom anna rapporterte frå New York like etter flyåtaket i 2001, frå Galicia etter oljeutsleppet frå tankaren «Prestige», og frå Irak etter invasjonen i 2003.
Bilde
[endre | endre wikiteksten]-
Kronprinsesse Letizia og kronprins Felipe i 2003.