Hopp til innhald

Leskov Island i Sør-Sandwichøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om øya i Sør-Sandwichøyane. For øya i Antarktis, sjå Leskov Island.
Leskov Island
øy
Sør-Sandwichøyane
Land  Storbritannia
Del av Sør-Sandwichøyane
Koordinatar 56°40′S 28°10′W / 56.667°S 28.167°W / -56.667; -28.167
Lengd 1,5 km
Areal 0,36 km²
Folketal 0
Øygruppe Sør-Sandwichøyane
Kart
Leskov Island i Sør-Sandwichøyane
56°40′21″S 28°06′00″W / 56.6725°S 28.1°W / -56.6725; -28.1
Plasseringa til Leskov Island
Plasseringa til Leskov Island
Plasseringa til Leskov Island
Wikimedia Commons: Leskov Island

Leskov Island er ei lita, aude øy i Traversay Islands i Sør-Sandwichøyane. Ho er mindre enn 1,5 km lang og ligg 48 km vest for Visokoi Island. Ho vart oppdaga i 1819 av ein russisk ekspedisjon under Bellingshausen, som kalla ho opp etter tredjeløytnanten på ekspedisjonsskipet «Vostok».

Leskov ligg vest for hovudbogen i Sør-Sandwichøyane, og består av andesittisk i staden for basaltisk lava og det høgaste punktet er 190 meter over havet. Subduksjonssonen som dannar Sør-Sandwichgropa ligg aust for øybogen.