Kyskleik
Utsjånad
Kyskleik (av kysk, som kjem gjennom lågtysk frå latin castus, 'rein') viser til det å vera seksuelt urørt, avhaldande, eller strengt følgja normene for seksuell oppførsel i eit visst samfunn.
Kyskleik er i mange religiøse og kulturelle samanhengar ein dyd som handlar om reinleik i kropp og sjel. Uttrykket vert som oftast forbunde med å avstå frå seksuell omgang, særleg utanfor ekteskapet. Kyskleik kan oppfattast som synonymt med jomfrudom eller avhald frå all seksuell aktivitet. Mange vurderer også gifte par til å vera kyske viss dei berre har seksuell omgang med kvarandre.[1]
Kyskleik er eit viktig element i høvisk kjærleik, som ein ofte finn i europeiske riddarromanar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ T.d. pave Paul VI i «Humanae vitae» (1968)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sr. Maria Hildegard Koch, I respekt for avstanden
- Det sjette bud Arkivert 2004-10-25 ved Wayback Machine. i Luthers store katekisme
- Early Shaker Writings Relating to Sexual Abstinence & Self Denial