Kyotoprotokollen
Utsjånad
Kyotoprotokollen (eller Kyotoavtalen) er ei oppfølging av Klimakonvensjonen. Protokollen fastset bindande og talfesta rammer for utslepp av klimagassar for landa som i konvensjonen er kalla vedlegg-1-partar, dvs industriland og land med overgangsøkonomi.
Kyotoprotokollen vart vedtatt 11. desember 1997 og trødde i kraft 16. februar 2005.
Hovudelementa i avtalen
[endre | endre wikiteksten]Hovudelement i Kyotoprotokollen er:
- Plikt for industrilanda til å halde utsleppa på eit nivå som er talfesta for kvar part. Målet er å redusere dei samla utsleppa av klimagassar frå industrilanda med minst 5 prosent i forhold til 1990-nivået i perioden 2008-2012.
- Utsleppa av klimagassar gjeld dei seks viktigaste klimagassane: karbondioksid (CO2), metan (CH4), lystgass (N2O), hydrofluorkarbon (HFK), perfluorkarbon (PFK) og svovelheksafluorid (SF6).
- Protokollen reknar òg med opptak av klimagassar, slik at netto bindingseffektar på areal med skogreising, nyplanting og avskoging utført etter 1990 skal reknast med som ein del av reduksjonen i utsleppa.
- Handel med utsleppskvotar mellom industriland
- Prosjektsamarbeid mellom industriland og utviklingsland
Noregs plikter
[endre | endre wikiteksten]Noreg er etter Kyotoprotokollen forplikta til å sørgje for at dei totale klimagassutsleppa i perioden 2008-2012 ikkje er meir enn 1 prosent høgre enn i 1990, då utsleppa var 52,0 millionar tonn CO2-ekvivalentar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kyotoprotokollen til FNs rammekonvensjon om klimaendring (engelsk og norsk tekst)
- St.prp. nr 49 (2001-2002) Om samtykke til ratifikasjon av Kyotoprotokollen
- Om Kyotoprotokollen på miljøstatus Norge Arkivert 2008-02-15 ved Wayback Machine.
- Norske utslipp og Kyotomåla Arkivert 2006-01-09 ved Wayback Machine.
- SSB: Utslepp av klimagassar etter kjelde[daud lenkje]
- SSB:Kyoto-protokollen - hvordan vil den virke?