Hopp til innhald

Kvitnilen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitnilen
Victoria Nile, Albert Nile, Mountain Nile
elv
Land  Rwanda,  Den demokratiske republikken Kongo  Sudan,  Sør-Sudan  Tanzania,  Uganda
Del av Nilen
Kart
Den hvite Nil
0°24′55″N 33°11′44″E / 0.41522222222222°N 33.195583333333°E / 0.41522222222222; 33.195583333333
Kart over Kvitnilen og Blånilen i Aust-Afrika.
Kart over Kvitnilen og Blånilen i Aust-Afrika.
Kart over Kvitnilen og Blånilen i Aust-Afrika.
Wikimedia Commons: White Nile

Kvitnilen (arabisk النيل الأبيض an-nīl al-'abyaḍ) er ei elv i Afrika som er den minste av dei to viktigaste sideelvene til Nilen. Den største er Blånilen.[1] Nemninga «Kvit» kjem frå leiresediment som blir ført med vatnet i elva og gjer vassfargen bleik.[2]

I streng forstand viser «Kvitnilen» til elva som blir danne ved No-sjøen, ved samløpet til elvene Bahr al Jabal og Bahr el Ghazal. I breiare forstand viser «Kvitnilen» til alle delane av elva som renn ut frå Victoriasjøen til ho renn saman med Blånilen: «Victorianilen» frå Victoriasjøen via Kyogasjøen til Albertsjøen, deretter «Albertnilen» til grensa til Sør-Sudan, og deretter «Fjellnilen» eller «Bahr-al-Jabal» ned til Nosjøen.[3] «Kvitnilen» kan til tider omfatta kjeldeelvane til Victoriasjøen, med den fjernaste 3700 km frå Blånilen.[4]

Den europeiske leitinga etter kjelda til Nilen på 1800-talet var hovudsakleg fokusert på Kvitnilen, som forsvann inn i det som då var kjent som «mørkaste Afrika».

Rusumo-stryka

Kageraelva, som renn inn i Victoriasjøen nær byen Bukoba i Tanzania, er den lengste tilførsleelva til Victoriasøen, sjølv om det ikkje er semje om kva som er den lengste bielva til Kagera, og dermed den lengste kjelda til Nilen.[5] Kjelda til Nilen kan reknast som anten Ruvyironza, som kjem frå Bururi-provinsen i Burundi[6] (nær Bukirasaz), eller Nyabarongo, som renn ut av Nyungwe-skogen i Rwanda.[7]

Desse to elvane renn saman nær Rusumo-stryka på grensa mellom Rwanda og Tanzania. Kagera er ein del av grensene mellom Rwanda og Tanzania og Uganda før ho renn ut i Victoriasjøen.

Rafting i Bujagalistryka nær munningen av Victorianilen.

I Uganda er Kvitnilen kjend som «Victorianilen» frå Victoriasjøen gjennom Kyogasjøen til Albertsjøen, og deretter som «Albertnilen» derfrå til grensa med Sør-Sudan.

Victorianilen

[endre | endre wikiteksten]
Victorianilen i Uganda.

Victorianilen nyrjar ved utløpet av Victoriasjøen, i Jinja i, Uganda, på den nordlege breidda av innsjøen.[8] Nedstrøms for Nalubaale-kraftverket og Kiira-kraftverket ved utløpet av innsjøen renn elva over Bujagalistryka (der Bujagali-kraftverket ligg), ca. 15 km nedstrøms frå Jinja. Elva renn då nordvest gjennom Uganda til Kyogasjøen i midten av landet, og deretter vest til Albertsjøen.

Ved Karumastryka renn elva under Karumabrua i det søraustre hjørnet av Murchison Falls nasjonalpark. Under mesteparten av opprøret til Herrens motstandshær var Karuma-broen, bygd i 1963 for å hjelpa bomullindustrien, den viktigaste stoppestaden på vegen til Gulu, der køyretøy samla seg i konvoiar før dei fekk militær eskorte på den siste delen av ruta. I 2009 kunngjorde styresmaktene i Uganda planer om å byggja eit vasskraftanlegg på 750-megawatt fleire kilometer nord for brua, som var planlagt fullført i 2016.[9] Verdensbanken hadde godkjent finansiering av eit mindre kraftverk på 200 megawatt, men Uganda valde eit større prosjekt som landet vil finansiera internt om nødvendig.[10]

Like før elva renn inn i Albertsjøen blir ho tvinga inn til ei breidd på berre sju meter ved Murchison Falls, stryka som markerer inngangen til den vestlege greina av den aust-afrikanske riftdalen. Elva strøymer så inn i Albertsjøen på motsett side av Monts Bleus i Den demokratiske republikken Kongo.

Den delen av elva som renn frå Kyogasjøen til Albertsjøen blir tidvis kalla «Kyoga-nilen».[11]

Albertnilen

[endre | endre wikiteksten]
Bru på Albertnilen.

Elva som renn ut frå Albertsjøen mot nord blir kalla «Albertnilen». Ho skil West Nile sub-region i Uganda frå resten av landet. Det går bru over Albertnilen nær staden der ho renn inn i Nebbi-distriktet, men det er ikkje bygd andre bruer over denne elvedelen. Ein ferje bind saman vegane mellom Adjumani og Moyo, og elles tek ein seg over elva i småbåt eller kano.

Sør-Sudan og Sudan

[endre | endre wikiteksten]
Møtestaden til Blånilen og Kvitnilen nær Khartoum.

Frå punktet der elva renn inn i Sør-Sudan frå Uganda går ho under namnet «Fjellnilen». Frå No-sjøen i Sør-Sudan blir elva til Kvitnilen i strengaste forstand. Ho held fram nordover til Sudan, der ho endar ved samløpet med Blånilen.

Fjellnilen

[endre | endre wikiteksten]
Kvitnilen Uganda

Frå Nimule i Sør-Sudan, nær grensa til Uganda, er elva kjend som «Fjellnilen» eller «Baḥr al-Jabal» (også Baḥer el-Jebel, بحر الجبل), bokstaveleg ‘Fjellelv’ eller ‘Elv frå fjellet’.[12][13] Den sørsudanske delstaten Central Equatoria som elva renn gjennom var kjend som Bahr al-Jabal fram til 2006.[14]

Sørdelen av elva har fleire stryk før ho når Sudan-sletta og den enorme sumpen Sudd. Ho går til innsjøen No, der ho renn saman med Bahr el Ghazal og dannar Kvitnilen.[15][16] Ei elv som heiter Bahr el Zeraf renn ut frå Bahr al-Jabal og gjennom Sudd før ho til slutt renn saman att med Kvitnilen. Fjellnilen renn gjennom smale kløfter og over ein serie stryk som inkluderer Fulatryka.[16][17]

Kvitnilen og Blånilen renn saman i Khartoum, hovudstaden i Sudan.

Sjølve Kvitnilen

[endre | endre wikiteksten]

For nokre byrjar Kvitnilen ved samløpet av Fjellnilen og Bahr el Ghazal ved No-sjøen.[15]

Dei 120 kilometrane av Kvitnilen som renn aust frå Nosjøen til munningen av Sobat er slakt skrånande og inneheld mange sumper og laguner.[18] Når det er flaum fører Sobat-elva med seg ei stor mengd sediment, og dette bidreg mykje til den bleike fargen til Kvitnilen.[19] Frå den andre byen i Sør-Sudan, Malakal, renn elva sakte men utan sumper inn i Sudan og nord til Khartoum. Nedstrøms frå Malakal ligg Kodok, staden for Fashoda-hendinga i 1898, som markerte slutten på det koloniale Afrika-kappløpet.

I Sudan har elva gjeve namn til delstaten An-Nil al-Abyad, før ho renn saman med den større Blånilen i Khartoum og dannar Nilen.

Innlandsvassvegar

[endre | endre wikiteksten]

Kvitnilen er farbar frå Albertsjøen til Khartoum gjennom Jebel Aulia-demningen.

I delar av året er elva farbar til Gambela i Etiopia og Wau i Sør-Sudan.

  1. Elsanabary, Mohamed Helmy Mahmoud Moustafa (2012), Teleconnection, Modeling, Climate Anomalies Impact and Forecasting of Rainfall and Streamflow of the Upper Blue Nile River Basin, Canada: University of Alberta, doi:10.7939/R3377641M 
  2. The New American Cyclopaedia: A Popular Dictionary of General Knowledge, Volume 12. 1867. s. 362. Arkivert frå originalen 30 March 2023. Henta 30 March 2023. 
  3. Dumont, Henri J. (2009). The Nile: Origin, Environments, Limnology and Human Use. Springer Science & Business Media. s. 344–345. ISBN 9781402097263. Arkivert frå originalen 30 March 2023. Henta 30 March 2023. 
  4. Penn, James R. (2001). Rivers of the World: A Social, Geographical, and Environmental Sourcebook. ABC-CLIO. s. 299. ISBN 9781576070420. Arkivert frå originalen 30 March 2023. Henta 30 March 2023. 
  5. McLeay, cam (2 July 2006). «The truth about the source of R. Nile». New Vision. Arkivert frå originalen 9 April 2011. Henta 4 April 2011. 
  6. «Nile River». Arkivert frå originalen 10 January 2007. Henta 5 February 2011. 
  7. «Team reaches Nile's 'true source'». BBC News. 31 March 2006. Arkivert frå originalen 1 June 2013. Henta 4 April 2011. 
  8. vanden Bossche, J.-P.; Bernacsek, G. M. (1990). Source Book for the Inland Fishery Resources of Africa, Issue 18, Volume 1. Food and Agriculture Organization, United Nations. s. 291. ISBN 92-5-102983-0. Henta 4 January 2016. 
  9. Holland, Hereward. «Uganda To Increase Capacity of Electricity Project». Arkivert frå originalen 19. april 2014. Henta 18. april 2014. 
  10. Wacha, Joe. «Uganda Oil Money to Finance Karuma Power Project». Uganda Radio Network Online. Arkivert frå originalen 19. april 2014. Henta 18. april 2014. 
  11. The Indian Journal of International Law: Official Organ of the Indian Society of International Law (på engelsk). M.K. Nawaz. 1980. s. 398. Arkivert frå originalen 5. oktober 2017. Henta 5. oktober 2017. 
  12. The Arabic word baḥr (بحر) can refer to either a sea or a large river
  13. The Arabic word baḥr (بحر) can refer to either a sea or a large river
  14. «Southern Sudan Bahr al-Jabal State changes name». Arkivert frå originalen 4 October 2017. Henta 4 October 2017. 
  15. 15,0 15,1 Parsons, Ellen C. (1905). Christus Liberator: An Outline Study of Africa (på engelsk). Macmillan Company. s. 7. Henta 5 October 2017. 
  16. 16,0 16,1 The Source of the Nile: Rwenzori Mountains National Park (på engelsk), 16 June 2010, arkivert frå originalen 3 August 2020, henta 20. august 2020 
  17. «Nile River (Mountain) | Waterbodies.org» (på engelsk). Arkivert frå originalen 21. oktober 2020. Henta 20. august 2020. 
  18. Shahin, Mamdouh (1985). Hydrology of the Nile Basin (på engelsk). Elsevier. s. 40. ISBN 9780444424334. Arkivert frå originalen 5 October 2017. Henta 5 October 2017. 
  19. «Sobat River». Henta 21. januar 2008. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kvitnilen