Kvalsaukan bru
Kvalsaukan bru, juni 2006 | |||
Type | vegbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Hinnøya i Sortland kommune | ||
Opna | 5. september 1974 | ||
Strekning | Fylkesveg 82 | ||
Lengd | 401 meter | ||
Fri høgd | 8 m | ||
Største spenn | 24 meter | ||
Kryssar | Hognfjorden | ||
Materiale | betong | ||
Kvalsaukan bru 68°43′32″N 15°31′23″E / 68.72555556°N 15.52305556°E |
Kvalsaukan bru er ei bru som kryssar Hognfjorden på Hinnøya, i Sortland kommune i Nordland. Ho er ein del av riksveg 82. Brua er 425 meter lang og har seglingshøgd på 8 meter.
Kvalsaukan bru vart teken i bruk 5. september 1974, og er ei av Vesterålsbruene. Desse var oppførte på 1970-talet som del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens Vegvesen, og gav kommunane ferjefri vegsamband. Kvalsaukan bru var den einaste av dei fire bruene som ikkje vart finansiert med bompengar.
Kvalsaukan bru og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.
Dei andre Vesterålsbruene er Sortlandsbrua, Andøybrua og Hadselbrua. Saman med Sortlandsbrua erstatta Kvalsaukan bru ferjestrekninga mellom Sortland og Maurnes.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Kvalsaukan bru» henta frå Wikipedia på bokmål 7. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgjev denne kjelda: