Krisma
Krisma | |||
![]() | |||
Opphav | Italia, Sveits | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1976 til i dag | ||
Sjanger | New wave, elektronisk, synthpop, post-punk, eksperimentell | ||
Plateselskap | Polydor, CGD | ||
Tidlegare medlemmer | Hans Zimmer Peter Maben |
Krisma (tidlegare Chrisma) er eit italiensk new wave/electronica-gruppe starta av Maurizio Arcieri og Christina Moser i 1976.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]1976-1979
[endre | endre wikiteksten]I 1976 starta Maurizio Arcieri og den dåverande kona hans Christina Moser duoen «Chrisma». Same året flytta paret frå Milano til London for å spele inn «U» og «Amore» med produsenten Niko Papathanassiou og broren hans Vangelis. Samarbeidet deira med Papathanassiou-brørne heldt fram til 1978, men det er uvisst kor mykje Vangelis medverka på desse albuma. I denne perioden spelte duoen inn albumet Chinese Restaurant. Singelen «Lola» nådde topp 10 i Storbritannia.
Under turnéen for Chinese Restaurant utførte Maurizio eit triks på scenen der det såg ut som om han kutta av seg fingeren med eit barberblad. Dette gav dei ein del merksemd i musikkpressa.
I 1979 spelte Maurizio og Christina inn det andre albumet sitt, Hibernation. Albumet vart ein internasjonal suksess.
1980-1989
[endre | endre wikiteksten]I 1980 endra bandet namnet til Krisma. Det tredje albumet deira, Cathode Mamma, hadde med Hans Zimmer på synthesizer. Singelen «Many Kisses» fekk stor suksess i Europa. På denne tida utvikla Krisma den første minisequenceren sin, kalla Krismino.
I 1982 gav bandet ut det eksperimentelle Clandestine Anticipation. Albumet handlar om is i alle slags former (flytande, is, damp, tåke, snø og regn) og ei rekkje videoar vart filma i tropane.
Krisma flytta til New York City i 1986. Dei laga tre videoar for MTV, og kort tid etter byrja dei å arbeide for France 2. I Italia var dei ofte med i programmet «Be Bop a Lula» leia av Red Ronnie for Italia Uno. Singelen «Nothing To Do With the Dog» (kalla «Fido» på internasjonal marknader) og «Iceberg» vart gjeven ut på denne tida.
I 1988 kom Non ho denaro.
1991 til i dag
[endre | endre wikiteksten]I 1990-åra vart dei første platene til Krisme remastra. Dei heldt fram å gjere frilansarbeid for det italienske TV-selskapet Rai Tre, og dei skapte spesialeffektar for Marco Ferreri-filmen Nitrato d'Argento.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- (1977) Chinese Restaurant - Polydor (som Chrisma)
- (1979) Hibernation - Polydor (som Chrisma)
- (1980) Cathode Mamma - Polydor
- (1982) Clandestine Anticipation - CGD
- (1982) Clandestine Anticipation - CGD (Custom Promo Box)
- (1982) Chrisma - Armando Curcio klippe (samleplate)
- (1983) Nothing To Do With The Dog - Franton Records (gjeve ut av Atlantic i USA as «Fido»)
- (1986) Iceberg - Carosello
- (1989) Non Ho Denaro - Bollicine
- (1999) Many Kisses e altri successi - Polydor (samleplate)
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- (1976) Amore / Sweet Baby Sue - Polydor (som Chrisma)
- (1977) U part. I / U part. II - Polydor (som Chrisma)
- (1977) Lola / Black Silk Stocking - Polydor (som Chrisma)
- (1977) C-Rock / Mandoya - Polydor (som Chrisma)
- (1979) Gott Gott Electron / Vetra Platz - Polydor (som Chrisma)
- (1979) Aurora B. / Hibernated Nazi - Polydor (som Chrisma)
- (1980) Many Kisses / Rien Ne Va Plus - Polydor
- (1980) Cathode Mamma / Rrock - Polydor
- (1982) Water / Samora Club - CGD
- (1983) Nothing To Do With The Dog / Find A Friend - Franton Records
- (1985) Be Bop / Be Bop (rep.) - Carosello
- (1985) Iceberg / Skyline - Carosello
- (1987) Signorina / Hotta Choccolata - Carosello
Samarbeid
[endre | endre wikiteksten]- (1980) Suffocation, song for Vangelis på See You Later - Polydor
- (2002) Nuova Ossessione, spor for Subsonica på Amorematico - Mescal / Sony
- (2004) Odore di Polvere da Sparo, 23 Coppie di Cromosomi, Apparenza e Realtà, spor for Franco Battiato på Dieci Stratagemmi - Columbia / Sony Music
- (2006) Australia, spor for Garbo på Congarbo - Photographic / Venus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Krisma» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Chinese Restaurant - Fan site Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.
- Raro! Vintage Records Magazine
- Vintage Records Specialists