Hopp til innhald

Kongeamazon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongeamazon
Kongeamazon
Kongeamazon
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Kongeamazon
Utbreiinga av Kongeamazon
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Slekt: Amazonpapegøyar Amazona
Art: Kongeamazon A. guildingii
Vitskapleg namn
Amazona guildingii

Kongeamazon (Amazona guildingii) er ein stor fleirfarga amazonpapegøye som er endemisk for øya Saint Vincent i Dei små antillane i Karibia. Fjørdrakta er skildra som varierande, men det nær kvite, lyse hovudet og nebbet er karakteristisk for arten. Arten er kategorisert som sårbar, populasjonen er under 1000 modne individ, men trudd å vere aukande.[1]

Dette er ein 40-46 centimeter lang, for det meste grøn, fleirfarga amazonpapegøye med eit gulkvitt, blått og grønt hovud, grønnbronse overside, grå føter, raudlege auge og fiolette blågrøne venger. Halefjørene er blå med breie gule spissar. Det er ein mindre gul-brun fargevariant (morf) og ein mindre vanleg grøn morf.[2] Kjønna er like. Ungane har lysare fjørdrakt enn vaksne og brun iris.

Kongeamazonen er endemisk til dei sterkt skogkledde fjella på den karibiske øya Saint Vincent. Føda består hovudsakleg av frukt, nøtter, blomstrar og frø. Hoa legg vanlegvis eitt til to egg i kullet.

Trugsmål og status

[endre | endre wikiteksten]

Jakt for matlaging og fangst av levande fuglar for burfuglarhandel, samt og tap av naturlege habitat var dei viktigaste årsakene til tilbakegangen til denne arten. Han opplevde sterk tilbakegang på 1900-talet på grunn av avskoging, utviding av areal for banandyrking, kolproduksjon, tap av hekketre felt av fangstmenn som søkjer ungfuglar for handel, og hendingar som orkanar og vulkanutbrot.

I dag er trugsmåla framleis samansett og femnar om ein planlagt veg, ein innført dyreart, genetiske isolasjonar og aukande avskoging. På grunn av alle desse medverkande faktorane, blir kongeamazonen rekna som sårbar (VU) på IUCN si raudliste over trua artar.[1] Han er oppført i vedlegg I til CITES.[3]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2020). «Amazona guildingii». IUCN Red List of Threatened Species 2020: e.T22686403A179396130. doi:10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T22686403A179396130.en. Henta 12-08-2024. 
  2. Collar, N., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2020). «St. Vincent Parrot (Amazona guildingii)», version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.stvpar1.01
  3. «Appendices | CITES». cites.org. Henta 18. august 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kongeamazon