Kolyma
Kolyma (russisk Колыма) er ein region i den fjernaste nordaustre delen av Russland, i området vanlegvis kjent som Sibir. Han er avgrensa av Aust-Sibirhavet og Nordishavet i nord og Okhotskhavet i sør. Denne svært avsidesliggande regionen har namn etter elva Kolyma, og fjellkjeda med same namn, der enkelte område ikkje blei utforska før 1926. I dag består regionen i hovudsak av Tsjukotka autonome okrug og Magadan oblast.
Området, som ligg delvis nord for Polarsirkelen, har eit subarktisk klima med svært kalde vintrar som varer opptil seks månader. Permafrost og tundra dekker ein stor del av regionen. Gjennomsnittlege vintertemperaturar spenner frå -19°C til -38°C (og lågare i innlandet), og gjennomsnittlege sommartemperaturar, frå +3°C til +16°C. Det finst rike reservar av gull, sølv, tinn, wolfram, kvikksølv, koppar, antimon, kull, olje og torv. Det er peikt ut 29 område med moglege olje- og gassreservar identifisert på kontinentalsokkelen i Okhotskhavet. Totale reservar er estimerte til 3,5 milliardar tonn oljeekvivalentar, av dette 1,2 milliardar tonn olje og 1,5 milliardar tonn gass.[1] Den største byen i området, Magadan, har eit folketal på rundt 100 000, og er den største hamna i nordaustre Russland. Han er heimehamn for ein betydeleg fiskeflåte og blir halden open heile året ved hjelp av isbrytarar. Nær Magadan ligg òg Sokol lufthamn. Byøkonomien er elles basert på utvinning av gull i Kolyma-regionen.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Under styret til Stalin blei Kolyma berykta som staden der mange Gulag-leirar var plasserte. Ein million menneske eller meir kan ha døydd på veg til området eller i dei mange arbeidsleirane i Kolyma der fangane måtte arbeida i gullgruver, med vegbygging, tømmerhogst og anleggsverksemd mellom 1932 og 1954. Aleksandr Solzjenitsyn, forfattaren av Gulag-arkipelet, karakteriserte Kolyma som Gulag-systemet sin «pol av kulde og grusomhet». Monumentet Maska av sorg i Magadan er reist til minne om dei som døydde i tvangsarbeidleirane i Kolyma.
Framveksten av Gulag-leirane
[endre | endre wikiteksten]Ein oppdaga gull og platina i regionen tidleg på 1900-talet. Under industrialiseringa av Sovjetunionen, som byrja med den fyrste femårsplanen til Stalin i 1928-1932, var behovet for kapital for å finansiera økonomisk utvikling enormt. Dei rike gullressursane i området verka som skreddarsydde for å sørga for denne kapitalen. Eit føretak underlagt regjeringa, Dalstroj (russisk Дальстрой, akronym for Anleggsselskapet til det fjerne nord) blei oppretta for å organisera utnyttinga av ressursane i området. Det kom store tal fangar inn i det sovjetiske straffesystemet under den første perioden av utviklinga av Kolyma, i stor grad frå dei såkalla anti-kulak-kampanjane og under tvangeskollektiviseringa av gardsdrifta i Sovjetunionen. Desse fangane utgjorde ei lett tilgjengeleg arbeidskraft.
Dei første stega for å utvikla regionen starta i 1932, med bygginga av byen Magadan ved hjelp av tvangsarbeid.[2] Etter ei utmattande togreise på Den transsibirske jernbanen blei fangane sette av ved ein av fleire transittleirer (t.d. Nakhodka og seinare Vanino), og transporterte over Okhotskhavet til den naturlege hamna som var blitt vald for bygginga av Magadan. Forholda ombord i fangeskipa var barske.[3]
I 1932 byrja ekspedisjonar til det indre av Kolyma, og ein sette i gang med bygginga av Kolymavegen, som skulle bli kjend som Beinvegen. Etterkvart var det oppretta rundt 80 ulike leirar på den aude taigaen.
Den opphavlege leiaren for Kolyma-leirane var Eduard Berzin, ein tsjekist. Berzin blei seinare fjerna i 1937 og skoten under Den store utreinskinga i Sovjetunionen.
I 1937, på toppen av utreinskingane, gav Stalin ordre om å intensivera lidingane som fangane måtte gå gjennom.[4] Aleksandr Solzjenitsyn oppgav leirkommandanten Naftalij Frenkel som den som etablerte den nye lova for leirane: «Vi må pressa alt ut av ein fange dei fyrste tre månadene — etter det treng vi han ikkje meir.»[5] Systemet med hardt arbeid og lite eller ingen mat reduserte dei fleste fangane til hjelpelause dokhodjaga ('ein det er ute med').
Robert Conquest, Jevgenija Ginzburg, Anne Applebaum og andre har skildra Kolyma-leirane i detalj. Lidingane til fangane blei forsterka av det også var vanlege kriminelle der som terroriserte dei «politiske» fangane. Ein døydde i Kolyma-leirene av mange årsaker: overarbeid, svolt, feilernæring, gruveulukker, forfrysing, drap utført av dei kriminelle og mishandling frå fangevaktarane. Ein leiar for leirkomplekset Sevvostlag på slutten av 1930-talet, oberst Sergej Garanin, skal personleg ha avretta heile brigader av fangar for å ikkje ha fullført dei daglege kvotane sine.[6] Flukt var vanskeleg, på grunn av klimaet og den fysiske isolasjonen til regionen, men nokon freista likevel. Flyktningar som blei fanga att, blei ofte rivne i filler av vakthundane frå leirane. Bruk av tortur som straff var òg vanleg. Den sovjetiske dissidenten og historikaren Roy Medvedev har samanlikna forholda i Kolyma-leirene med Auschwitz.
Mange av fangane i Kolyma var akademikarar eller intellektuelle. Blant dei var Mikhail Kravtsjuk, ein ukrainsk matematikar som tidleg på 1930-talet hadde mottatt betydeleg godkjenn i Vesten. Etter ei summarisk rettssak, tilsynelatande for ikkje å vera villig til å ta del i skuldingane mot nokre av kollegaene hans, blei han send til Kolyma der han døydde i 1942. «Hardt arbeid i dei sovjetiske arbeidsleirane, eit strengt klima og mangelfull mat, dårleg helse og sist, men ikkje minst, skuldingane og bortstøytinga frå dei fleste av hans kollegaers side, kravde sin pris. Kravtsjuk døydde i Magadan i det austlege Sibir, rundt 6000 km frå der han var fødd. Kravtsjuks siste artikkel hadde vorte utgitt like etter arrestasjonen hans i 1938 Men etter denne publiseringa blei Kravtsjuk sitt namn bokstaveleg talt sletta frå bøker og tidsskrift.»[7]
Det fanst likevel nokre unntak. Léon Theremin, ein oppfinnar som var blitt pågripen av sovjetiske agentar i USA og tvinga til å venda tilbake til Sovjetunionen blei, etter ordre frå Josef Stalin, fengsla i Butyrka og seinare sendt for å arbeida i gullgruvene i Kolyma. Sjølv om det stadig gjekk rykte om at han var avretta, var Theremin i røynda blitt sett til å arbeida i ein sjarasjka, eit hemmeleg forskigslaboratorium, saman med andre vitskapsfolk og ingeniørar, som flydesignaren Andrej Tupolev og rakettforskaren Sergej Koroljov (som også var ein Kolyma-fange). Sovjetunionen rehabiliterte Theremin i 1956.
Kolyma-leirene blei omdanna til (stort sett) fri arbeidskraft etter 1954, og i 1956 gav Nikita Khrusjtsjov ordre om eit generelt amnesti som frigav mange fangar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Magadan Region Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine. fra Kommersant, Russia's Daily Online, besøkt 1. juli 2008.
- ↑ Ludwik Kowalski: Alaska notes on Stalinism[daud lenkje] Besøkt 1. juli 2008.
- ↑ Ifølge en artikkel i Time Magazine fra 1987: «Den eneste måten å komme til Magadan på 1930-tallet var med skip fra Khabarovsk, noe som skapte en øy-psykologi og uttrykket Gulag-arkipelet. Fangeskipene var overfylte helveteshull hvor tusenvis døde. En overlevendes memoarer forteller at fengselsskipet Dzjurma ble sittende fast i høst-isen i 1933, mens det prøvde å komme seg til munningen av Kolyma-elva. Da det kom fram til havn neste vår var det bare mannskapet og fangevokterne igjen ombord. Alle de 12 000 fangene var borte, etterlatt døde på isen.» Det viser seg imidlertid at denne hendelsen, som er vidt fortalt ettersom det var den første som ble nevnt i en bok fra 1947, ikke kunne ha hendt ettersom skipet Dzjurma ikke var på sovjetiske hender før sommeren 1935. En detaljert analyse av denne legenden finnes i boken Stalin's Slave Ships: Kolyma, the Gulag Fleet, and the Role of the West (Praeger, 2003). James O. Jackson: «Soviet Union», Time Magazine, 20. april 1987. Besøkt 1. juli 2008.
- ↑ Case Study: Stalin's Purges from Genderside Watch. Besøkt 1. juli 2008.
- ↑ Aleksandr Solzjenitsyn: Gulag-arkipelet, bind. 2.
- ↑ Campo di detenzione speciale «La Kolyma» 1931 – 1955 Arkivert 2008-02-04 ved Wayback Machine. Alexander Langer Fondazione (på italiensk). Besøkt 1. juli 2008.
- ↑ Krawtchouk story : How a scientist received a job offer from the American Mathematical Society, was accused of being a foreign spy, and sent to GULAG Arkivert 2006-04-25 ved Wayback Machine. av Ivan Katchanovski, George Mason University, Fairfax, Virginia
- Denne artikkelen bygger på «Kolyma» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2022.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Applebaum, Anne, Gulag: A History, Broadway Books, 2003, innbundet, 720 pp., ISBN 0-7679-0056-1.
- Bardach, Janusz / Gleeson, Kathleen Man Is Wolf to Man : Surviving the Gulag, University of California Press, c1998, 392 p., ISBN 0520213521
- Bollinger, Martin J., Stalin’s slave ships : Kolyma, the Gulag fleet, and the role of the West, Praeger, 2003, 217 p., ISBN 0275981002
- Conquest, Robert: The Great Terror: Stalin's Purge of the Thirties. 1968.
- Conquest, Robert: The Great Terror: A Reassessment, Oxford University Press, Mai 1990, innbundet, ISBN 0-19-505580-2; paperback, Oxford, September 1991, ISBN 0-19-507132-8
- Conquest, Robert: Kolyma: The Arctic Death Camps, Viking Press, 1978, 254 p. ISBN 0670414999
- Getman, Nikolai: The Gulag Collection: Paintings of the Soviet Penal System, The Jamestown Foundation, 2001, 131 p., ISBN 0967500915
- Ginzburg, Eugenia, Journey into the whirlwind, Harvest/HBJ Book, 2002, 432 pp., ISBN 0156027518.
- Ginzburg, Eugenia, Within the Whirlwind, Harvest/HBJ Book, 1982, 448 pp., ISBN 0156976498.
- Kizny, Tomasz, Gulag, Firefly Books, 2004, 495 p. ISBN 1552979644
- Khlevniuk, Oleg, The History of the Gulag: From Collectivization to the Great Terror, Yale University Press, c2004, 418 p., ISBN 0300092849
- MacCannon, John: Red Arctic: Oxford University Press, 1998, ISBN 0195114361
- Radzinsky Edvard, Stalin: the first in-depth biography based on explosive new documents from Russia's secret archives, Hodder & Stoughton, 1996, 594 p., ISBN 0340606193
- OstEuropa, various authors (in German): Das Lager schreiben, Varlam Šalamov und die Aufarbeitung des Gulag. Berlin (BWV) 2007 (= Osteuropa 6/2007), 440 p., ISBN 978-3-8305-1219-6
- Medvedev, Roy: Let History Judge: the origins and consequences of Stalinism, New York, Vintage Books 1973, c1971, ISBN 039471928X
- Shalamov, Varlam, Kolyma Tales, Penguin Books, 1995, 528 pp., ISBN 0-14-018695-6.
- Solomon, Michel, Magadan, Princeton, Auerbach Publishers, 1971, 243 p. ISBN 0877690855
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gulag camps in the USSR Ungareren Istvan Toth har som et resultat av sin fars 11 år som fange i en Gulag-leir satt sammen en uttømmende liste over ressurser om Gulag, herunder mange om Kolyma.
- Kolyma; the Land of Gold and Death En personlig on-line beretning i ni kapitler, av Stanislaw J. Kowalski, en polsk fange i Kolyma, med mange referanser
- The Soviet Gulag Era in Pictures, 1927-1953 Fotografier, mange av Kolyma, samlet av James Duncan
- Crimes of Soviet Communists Bred samling av kilder og lenker om GULAG, også i Kolyma
- The White Crematorium Bakgrunnsinformasjon om Gulag og Kolyma-leirene, av Jens Alstrup, som syklet over Russland til Magadan i 1997 og har ofte har returnert for å fortsette sin forskning. Besøkt 1. juli 2008.
- Kolyma, Mikhail Mikheevs dokumentarfilm fra 1995, vinner på både Amsterdam og Berlin filmfestival
- Work in the Gulag fra Stalins Gulag-seksjonen av Online Gulag Museum, med en kort beskrivelse og bilder fra Kolyma
- GULAG: Many Days, Many Lives, Online Exhibit, Center for History and New Media, George Mason University
- Virtual Gulag Museum Sankt Petersburgs forsknings- og informasjonssenters «Memorial», med lenker til museer i Russland, Øst-Europa og Asia om historien om den Sovjetiske terroren, Gulag, og motstanden.
- Gulag prisoners at work, 1936-1937 Fotoalbum fra New York Public Library's Digital Gallery
- Kolyma – Off to the Unknown – Stalin's Notorious Prison Camps in Siberia by Ayyub Baghirov (1906–1973)
- Den italiensk-amerikanske kunstneren Thomas Sgovio (1916–1997) laget en rekke tegninger og malerier, basert på sitt liv som fange i Sovjets Gulag Arkivert 2019-01-22 ved Wayback Machine.
- Russisk-språklig historie om Dalstroj fra Kolyma.ru
- Detaljert russisk kart over Kolyma Gulag, fra nettstedet til det jødiske samfunnet i Magadan
- Russisk kart over Gulag-leirer i Sovjetunionen