Hopp til innhald

Knekkand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knekkand
Knekkandhann
Knekkandhann
Knekkandhoe
Knekkandhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av knekkand
Utbreiinga av knekkand
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Spatula
Art: Knekkand S. querquedula
Vitskapleg namn
Spatula querquedula

Knekkand (Spatula querquedula, tidlegare Anas querquedula) er ei lita grasand i andefamilien.

Ho hekkar i store delar av Europa og tverr over Palearktis til stillehavskysten. Ho er ein sterk trekkfugl, heile populasjonen migrerer til Afrika, India, Bangladesh, Søraust-Asia og Australasia om vinteren, der dei kan leve i store flokkar. Til liks med andre små ender, stig denne arten lett opp av vatnet med ei snøgg vadefuglliknande flukt. Hekkehabitat er grassletter nær grunne sjøar og våtmark.

Knekkand (Spatula querquedula) hekkar i Noreg svært fåtalig i næringsrike våtmarksområde, fortrinnsvis i sørlege delar av landet.[2] Arten har hovudutbreiinga si søraust for Skandinavia. Knekkanda føretrekker grunne og vegetasjonsrike ferskvatn som hekkebiotop. Føda er variert, og inkluderer plantemateriale, invertebrater, amfibium og småfisk. Fuglar som hekkar i Noreg overvintrar, til forskjell frå dei fleste andre norske andefuglar, i det sentrale Afrika.

Ved raudlistevurderingen i 2015 vart arten nedgradert frå kritisk trua CR til sterkt trua EN°. Vi bedømmer likevel bestanden som høgare enn den som vart lagt til grunn i 2015. I tillegg ser vi ingen grunn til nedgradering sidan bestandar i nabolanda våre er i nedgang. Sannsynet for rekolonisering blir derfor sett på å vera liten.[1]

Sidan år 2010 har knekkand vore ført opp i kategorien sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar, på bakgrunn av bestandsestimater og basert på kriteriet D1 (50–250 reproduserande individ).[1]

Knekkandegg.
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av knekkand Spatula querquedula for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]