Hopp til innhald

Klikkfang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Klikkfang eller klikkagn[1][2] (frå engelsk clickbait) er ei nedsetjande nemning på overskrifter eller bilete til nettartiklar som freister ein til å klikka på dei for å lesa artikkelen, men ofte lover meir enn artikkelen kan halda.[3] Overskrifta kan ofte vera villeiande eller overdriven.[4] Modellen, som blant anna vert assosiert med Upworthy (grunnlagt i 2012) og andre viralnettstadar, ser ofte ut som dette:

  • ein tittel som består av to setningar
  • ein følelsesmessig lovnad
  • held tilbake viktig informasjon for lesaren[5]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]