Hopp til innhald

Kjell Kristian Rike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Kristian Rike

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juli 1944
Bygland kommune Sjå dette på Wikidata
Død

19. mai 2008 (63 år)
Bærum kommune Sjå dette på Wikidata

Yrke sportsjournalist, programleiar, sportskommentator, sportsskytter
Prisar Gullrutens hederspris

Kjell Kristian Rike (12. juli 194419. mai 2008) var ein norsk sportskommentator. Rike kommenterte i mange år langrenn, skiskyting, fotball og skytingNRK, og er spesielt kjent for samarbeidet sitt med Jon Herwig Carlsen som kommentator for langrenn og skiskyting. Rike blei kommentator for skiskyting i NRK i 1977, og begynte å kommentere langrenn i 1985. Rike har au vore kommentator i fleire fotball-VM sidan 1986. Han har dessuten kommentert friidrett, golf, trav, sykling, skyting og alpint. Han har også i periodar fungert som avdelingsleiar i NRK-sporten.

I 2007 fekk Rike heidersprisen frå Gullruten for innsatsen sin som sportskommentator saman med Carlsen.

Han var ein periode også programleiar i Norge Rundt og Langs Landeveien ved sida av jobben i NRK-sporten. Rike var au den som fann fram vignetten til Norge Rundt (Norsk dans nr. 2 av Edvard Grieg). Da NRK Fjernsynet fylte 25 år i 1985 var Rike ein av programleiarane for jubileumssendinga.

Rike har også ei fortid som aktiv skyttar og fotballspelar, og blei blant anna skyttarprins på Landsskyttarstevnet i 1972 og Noregsmeister i feltskyting på Landsskyttarstevnet i 1974.