Kiryat Anavim
Kiryat Anavim | |||
קִרְיַת עֲנָבִים, Qiryat Anavim | |||
landsby | |||
Den første kibbutz-bygningen - ein låve frå 1920
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | 31°48′38.52″N 35°7′11.64″E / 31.8107000°N 35.1199000°E | ||
Folketal | 313 (2008)[1] | ||
Grunnlagd | 1920 | ||
• Grunnlagd av | Immigrantar frå den tredje Aliyah | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Kiryat Anavim 31°48′39″N 35°07′12″E / 31.8107°N 35.1199°E | |||
Kart som viser Kiryat Anavim.
| |||
Wikimedia Commons: Kiryat Anavim | |||
Nettstad: kiryatanavim.com |
Kiryat Anavim (hebraisk קִרְיַת עֲנָבִים, tyder Druebyen) var den første kibbutz som vart grunnlagd i Judeafjella.[2] Han ligg vest for Jerusalem og høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune. I 2008 hadde han 313 innbyggjarar.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området som kibbutzen ligg på vart kjøpt frå nabolandsbyen Abu Ghosh. I 1912 selde Abu Ghosh-familien fleire tusen dekar til Arthur Ruppin, som representerte sionistrørsla.[3] I 1919 slo ei gruppe på 25 pionerar frå den ukrainske byen Zjvanitz seg ned i området, nær ei lita kjelde kalla «Dilb» etter platanen som voks her (arabisk: dilb; hebraiske: dolev).[4]
Den 9. november 1937 vart fem medlemmar av gruppa Gordonia som arbeidde på eit skogplantingsprosjekt for Jewish National Fund nær Kiryat Anavim angripen og drepen av arabarar. Ma'ale HaHamisha kibbutz («Åsen av dei fem»), som vart grunnlagd eit år seinare, vart kalla opp etter dei.[5]
Den 6. september 1996 førte ein skogbrann i Jerusalemkorridoren til store skadar i Kiryat Anavim og området kring. Femten heimar og ti andre bygningar vart skadde i brannen.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kiryat Anavim» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2014.
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 10. juli 2010.
- ↑ Our Historie Kiryat Anavim
- ↑ Army of shadows: Palestinian collaboration with sionisme, 1917 – 1948 / Hillel Cohen
- ↑ Flowers i Israel
- ↑ Lessons and Legacies I: The Meaning of the Holocaust in a Changing World, edited by Peter Hayes
- ↑ israelske Fire Destroys 40 Homes; Allegations of Poor Response Arkivert 2008-08-08 ved Wayback Machine. SNS Special Report, 8. september 1996