Khloris
Utsjånad
Khloris (gresk Χλωρίς Khlōrís, av χλωρός khlōrós, som tyder 'grøngul', 'lysegrøn', 'bleik' eller 'frisk') er namnet på fleire personar i gresk mytologi. Nokre av desse kan vera same person.
- Nymfa Khloris var ei nymfe guden Zefyros (vestavinden) blei kjær i.[1] Etter at dei blei gifte omforma han henne til ei gudinne, tilsvarande den romerske gudinna Flora. Dei fekk sonen Karpos. Khloris skal ha vore ansvarleg for omformingane av Adonis, Attis, Krokos, Hyakinthos og Narkissos til blomar.[2]
- Khloris av Pylos var gift med Neleus, kongen av Pylos.[3]
- Khloris av Thíva, ei av niobidene (barna til Amphion av Thíva og Niobe).[4]
- Khloris, dotter av Orkhomenos,[5] som blei gift med den synske Ampyx (son av Elatus), og fekk sonen Mopsos, som også var synsk og blei ein av argonautane.[6][7] Argonautica Orphica gjev henne eit anna namn, Aregonis.[8] In some accounts, she mothered Mopsus by Zeus.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ovid, Fasti 5.195 ff.
- ↑ Ovid, Fasti, 5. 195 ff
- ↑ Pseudo-Apollodorus, Bibliotheca 1.9.9
- ↑ Pseudo-Apollodorus, Bibliotheca 3.5.6
- ↑ Tzetzes om Lycophron, 881
- ↑ Scholia om Apollonius Rhodius, Argonautica 1.65
- ↑ Hyginus, Fabulae 14
- ↑ Argonautica Orphica, 126
- ↑ Pseudo-Clement, Recognitions 10.21-23
- Denne artikkelen bygger på «Chloris» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2021.