Katrine Fruelund
Katrine Fruelund | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 12. juli 1978 (46 år) Randers |
Idrett | handball, fotball |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Katrine Fruelund (fødd 12. juli 1978) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Randers. Ho vart olympisk meister med Danmark både i 2000 og 2004, europameister 2002. Fruelund var venstre rykkromspelar, deltok åra 1997–2012 i 184 landskampar og skåra 570 mål.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Fruelund spelte på Randers HK fram til 1999, og frå 2006 til ho la opp i 2014. I mellomtida gjorde ho teneste i Viborg HK 1999-2005 og 2005/6-sesongen i tyske HC Leipzig. Fruelund vart dansk sereimeister fire gongar med Viborg, tysk bundesligameister 2006 for Leipzig og dansk seriemeister 2012 med Randers HK. Ho var med på å vinne EHF-cupen 2004 for Viborg og 2010 for Randers HK. I sin einaste EHF-meisterligafinale, 2001, tapte laget hennar mot Krim Ljubljana.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]I 1998 måtte Danmark og Fruelund tåle tap mot Noreg i finalen i europameisterskapen. To år seinare var Fruelund med i den danske troppa som forsvarte den olympiske meistertittelen landslaget tok i 1996. Ved Handball-EM 2002 på heimebane fekk Fruelund og lagvenninene revansj mot Noregs kvinner i finalen i Herning. Høgdepunktet for Fruelund kom under Sommar-OL 2004. I eit rekordjamt finale-oppgjer mot Sør-Korea skåra ho heile 15 mål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Katrine Fruelund» frå Wikipedia på dansk, den 15. november 2022.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1978
- Danske handballspelarar
- Olympiske medaljevinnarar i handball
- Olympiske meistrar for Danmark
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Danske deltakarar under sommar-OL 2000
- Handballspelarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Danske deltakarar under sommar-OL 2004
- Handballspelarar under sommar-OL 2004