Katalin Oláh
Utsjånad
Katalin Oláh | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 6. juli 1968 (56 år) Hajdúnánás |
Idrett | orientering |
Katalin Oláh (fødd 6. juli 1968) er ein ungarsk tidlegare orienteringsløpar frå Hajdúnánás. Ho vart verdsmeister i klassisk løype både i 1991 og 1995.
Oláh fekk sin VM-debut 17 år gammal. I 1991 sprang ho inn til siger på den klassiske distansen under VM i dåverande Tsjekkoslovakia, på den korte distansen enda ho på femteplass. Fire år seinare tok ho VM-gull nummer 2 då ho vann klart den same normaldistansen i tyske Detmold.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1991: Gullmedalje i klassisk løype
- VM 1993: Nr 7 på kort-distansen
- VM 1995: Gullmedalje i klassisk løype
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Katalin Oláh» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2023.