Kanaudji
Kanaudji også skrive kanauji, braj-kanauji | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk indoiransk indoarisk vestleg hindi hindi | |
Bruk | ||
Tala i | Hovudsakleg India | |
Område | Uttar Pradesh | |
Kanaudjitalande i alt | 6 millionar (1977) | |
Skriftsystem | Devanagari | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | bjj | |
ISO 639-3 | bjj |
Kannauji eller kanauji (devanagari क़न्नौजी), òg kalla braj-kanauji (क़नउजी), er ein variant av hindi som blir tala i regionane Farrukhabad og Cawnpore i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Kannaaudji er eit austindisk språk og har om lag 6 millionar talande.
Språket er det austlegaste av dialektkontinuumet vestleg hindi. Kanaudji har ei lingvistisk grense til bradjbhakha, som det mange trekk til felles med. Ein dialekt av språket har mange trekk frå det austlege hindispråket avadhi.
Kannaudjitalarar oppfattar gjerne seg sjølve som hinditalarar, og mange av dei reknar det ikkje som eit eige språk. Det er likevel vanskeleg for talarar av standard hindi å forstå kannaudji.
Fonologi
[endre | endre wikiteksten]Kanaudjiendinga /o:/ erstattar ofte bradjbhakhaendinga /au/. Substantiv som ender med konsonant på hindustani har ofte endinga /u/ i kanaudji.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ethnologue-rapport
- G. A. Zograph: Languages of South Asia, 1960 (translated by G.L. Campbell, 1982), Routledge, London.
- Engelsk Wikipedia
- Denne artikkelen bygger på «Braj-kanauji» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2016.