Julius Bastian Olsen
Julius Bastian Olsen | |||
Fødd | 15. juni 1875 Hammerfest kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 26. juli 1936 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Julius Bastian Olsen, ofte kalla Jul. B. Olsen, (fødd 15. juni 1875 i Hammerfest, daud 26. juli 1936 i Narvik)[a] var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var stortingsrepresentant innvald for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark frå 1928 til 1936. Han var òg ordførar i Narvik 1914-21, varaordfører i 1922, og ordførar att i 1923-27.
Olsen byrja i smedlære i Hammerfest i 1890, men drog i 1893 til Bergen, der han arbeidde ved mekaniske verkstader og tok eksamen som maskinist i 1897. I 1903 flytta han til Narvik, der han var smed og maskinarbeidar ved Ofotbanen sin verkstad og frå 1921 verkmeister. Han var medlem av Narvik bystyre frå 1908 til han døydde i 1936. I 1926 var han fungerande borgarmeister (rådmann) i Narvik i sju månader.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 1928-1930 medlem i Skog- og vassdragskomiteen
- 1931-1933 medlem i Finans- og tollkomiteen og Skog- og vassdragskomiteen
- 1934-1936 medlem i Finans- og tollkomiteen og Skog- og vassdragskomiteen
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Knut Slettbakk oppgjev at han var fødd i Kåfjord i Alta
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Julius Bastian Olsen» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2017.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Vilhelm Haffner: Stortinget og statsrådet 1915-1945 - Bind 1 Biografiar. Oslo 1949 (s. 559, digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- Gunnar Ousland: Foregangsmennene. Tida Norsk Forlag, Oslo 1965 (s. 215-220, digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- Knut Slettbakk: Energi i 85 år. Narvik Energi AS 1998 (s. 27-30, digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- Biografi hos Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (vitja 14. oktober 2012)