Hopp til innhald

Joyce Kennedy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joyce Kennedy

Kennedy i 2008
Fødd1948 (76 år)
FødestadAnguilla i Mississippi
OpphavChicago i Illinois
SjangerPoprock, R&B
Instrumentvokal
Tilknytte artistarMother's Finest, Andre Williams
Verka somsongar

Joyce «Baby Jean» Kennedy (fødd 1948) er ein USA-amerikansk songar frå Chicago.[1]

Kennedy gav ut den første singelen sin i 1963, som ho fekk spelt inn med hjelp av Andre Williams. Songen heitte «Darling I Still Love You», og vart ein lokal hit.

Kennedy møtte Glenn Murdock, som tidlegare hadde spelt i The Vondells og dei skipa ein duo i lag og seinare gifta dei seg. Duoen skipa bandet Mother's Finest med Gary Moore og Jerry Seay på høvesvis gitar og bass.

Mother's Finest gav ut fleire album for RCA og Epic Records, og varma opp for artistar som Ted Nugent, Black Sabbath, The Who, Aerosmith og AC/DC. Bandet tok seg ein pause tidleg i 1980-åra, medan Kennedy satsa på ein solokarriere. Dei kom saman att i 1989 for albumet Looks Could Kill.

  1. «Joyce Kennedy | Biography & History | AllMusic». allmusic.com. Henta 29. desember 2015.