Hopp til innhald

Jingdezhen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jingdezhen
景德镇市, Jǐngdézhèn
景德镇市, Jǐngdézhèn Shì
by
Land  Kina
Provins Jiangxi
Areal 5 262,17 km²
Folketal 1 554 000  (2007[1])
Kart
Jingdezhen
29°17′39″N 117°12′13″E / 29.294167°N 117.203611°E / 29.294167; 117.203611
Jingdezhen på eit kart over Jiangxi og i Kina.
Jingdezhen på eit kart over Jiangxi og i Kina.
Jingdezhen på eit kart over Jiangxi og i Kina.
Wikimedia Commons: Jingdezhen

Jingdezhen er eit byprefektur i den kinesiske provinsen Jiangxi nordaust i landet. Jingdezhen har eit areal på 5 263 km² og ca. 1,5 millionar innbyggarar (2007). Han er kjent som porselenshovudstaden i Kina ettersom han har produsert kinesisk keramikk i minst tusen år. Byen har ei veldokumentert historie som går over to tusen år tilbake.

Gul porselenskrukke frå Qingdynastiet.

Jingdezhen er verdskjent for sitt fine porselen. Det har vorte laga sidan Handynastiet av kvit leire (kaolin) frå Poyangsjøen i vest. Staden nådde ei stordomstid på 1100-talet under det nordlege Songdynastiet, då han sette i gang porselenesproduksjon i stor skala under keisarleg vern,[2] og leverte porselen til keisarhoffet. Under Kanghsiperioden (1662–1722) hadde Jingdezhen ca. 1 mill. innbyggjarar, som alle var meir eller mindre knytte til porselensframstillinga, og rundt 3000 keramikkomnar.[2]

Staden hadde ei ny stordomstid under Qingdynastiet, då han levererte porselensvarer som gjekk til eksport over Guangzhou. Under Taipingopprøret midt på 1800-talet vart byen sterkt skada og gjekk inn i ei nedgangstid. Fabrikkane fekk først tilbake den store tydinga si etter 1949, då industrien vart modernisert.[2]

I nærområda til byen vert det utvunne kaolin, kol og mangan.

  1. «Household and Population by Region (end of 2007)». Jiangxi Statistical Yearbook. Arkivert frå originalen 2. mai 2010. Henta 29. august 2009. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Jingdezhen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jingdezhen