Jesús España
Jesús España | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 21. august 1978 (46 år) Valdemoro |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008 |
Jesús España Cobo (fødd 21. august 1978) er ein spansk friidrettsutøvar frå Valdemoro som internasjonalt oftast tevla på løpsdistansar mellom 1500 m og 5000 meter. Han vart europameister på 5000 meter i 2006 og tok sølvmedaljen på same distansen i EM 2010. I innandørs-EM tok España tre bronsar på 3000 m i tida 2002-09.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Españas internasjonale gjennombrot kom med tredjeplassen på 3000 meter ved innandørs-EM 2002. Same året sette han personleg rekord på 1500 meter med 3.36,5 i Doha. I 2004 vann han 5000 m under den ibero-amerikanske meisterskapen.
Den største triumfen for España kom i europameisterskapen 2006. På Ullevi stadion i Göteborg slo han i spurten den britiske representanten, Mo Farah, med ni hundredels sekund og vann 5000-metergullet på tida 13.44,70. Like etter forbetra han den personlege rekorden på 3000 meter til 7.38,2.
España tok ein ny bronsemedalje på 3000 meter ved innandørs-EM 2007. Han vart sjuandemann på 5000 m i VM 2007 i Osaka. I OL 2008 i Beijing hamna han nede på 14. plass på 5000 meter, året etter sikra han seg i Torino si tredje bronsemedalje på 3000 meter i eit innandørs-EM.
Under europameisterskapen 2010 i España sitt heimland, var han i spurten sjanselaus mot Mo Farah då han skulle forsvare EM-tittelen på 5000 m. Han var to sekundar bakom Farah i mål, men berga likevel sølvmedaljen i tevlinga. I juli 2011 forbetra España den personlege rekorden på 5000 m med seks sekundar til 13,04,7 under eit storstemne i Monaco, og i mars 2012 sprang han i Lisboa med tida 28.26,2 sitt raskaste milløp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2002 i München: Nr 11 på 5000 m – 13.55,8
- VM i 2005 i Helsinki: Diskvalifisert på 5000 m
- EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje på 5000 m – 13.44,70, framom Mo Farah (13.44,79)
- VM 2007 i Osaka: Nr 7 på 5000 m – 13.50,5
- OL 2008 i Beijing: Nr 14 på 5000 m – 13.55,9
- VM 2009 i Berlin: Nr 10 på 5000 m – 13.22,0
- EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje på 5000 m – 13.33,1, bakom Mo Farah (13.31,1)
- VM 2011 i Daegu: Nr 12 på 5000 m – 13.33,9
- EM 2012 i Helsinki: Nr 20 på 5000 m – 13.55,9
- EM 2014 i Zürich: Nr 11 på 5000 m – 14.14,5
- VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa på 5000 m (nr 26 – 13.51,4)
- EM 2016 i Amsterdam: Nr 10 i halvmaraton – 1.04,01
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jesús España» frå Wikipedia på tysk, den 18. juli 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Jesús España» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juli 2016.