Jeanne d'Arc
Utsjånad
Jeanne d'Arc | |||
Miniatyr frå andre del av 1400-talet | |||
Fødd | 6. januar 1412 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Domremy i Lorraine i Frankrike | ||
Daud | 30. mai 1431 (19 år) | ||
Dødsstad | Rouen i Frankrike | ||
Yrke | militær | ||
Helgendag | 30. mai | ||
Vernehelgen | Rouen, Orléans og Frankrike, for telegrafi og kringkasting, for soldater | ||
Symbol | Ung kvinne i rustning | ||
Saligkåra | 11. april 1909 av Pius X | ||
Helgenkåra | 16. mai 1920 av Benedikt XV | ||
Helgen i | Den katolske kirke |
Jeanne d'Arc (januar[a] 1412—30. mai 1431) er ein fransk helgen og nasjonalheltinne.
Etter fleire religiøse syn i oppveksten tok ho sytten år gammal kommandoen over den franske hæren og kjempa mot engelskmennene i Hundreårskrigen. Ho vann fleire sigrar som gjorde at Karl VII kunne bli krona. Jeanne d'Arc leia hæren til ho blei teken til fange av burgundarane og overlevert til engelskmennene. Av desse blei ho dømd som kjettar og avretta ved å bli brend på bålet.
Jeanne d'Arc hadde gjeve ny styrke til Karl VII si side under Hundreårskrigen. Ho blei sett på som eit nasjonalt symbol for Frankrike, og blei seinare helgenkåra av den katolske kyrkja. Festdagen hennar er den 30. mai.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Signaturen til Jeanne d'Arc
-
Jeanne d'Arc i protokollen til parlamentet i Paris. Teikna av Clément de Fauquembergue i 1429.
-
Jeanne d'Arc med rustning og helgenglorie under kroninga av Karl VII. Måla av Dominique Ingres i 1854.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ho var anten fødd på eller dagen etter heilagetrekongarsdag, 6. eller 16. januar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jeanne d'Arc