Jean-Étienne Liotard
Jean-Étienne Liotard | |
Statsborgarskap | République de Genève |
Fødd | 22. desember 1702 Genève |
Død |
12. juni 1789 (86 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar |
Sjanger | portrett |
Jean-Étienne Liotard på Commons |
Jean-Étienne Liotard (22. desember 1702–12. juni 1789) var ein sveitsisk pastell- og miniatyrmålar med internasjonalt ry. Han var både fødd og døydde i Genève.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Liotard var son til ein juveler. Han gjekk først i lære hos Daniel Gardelle i Genève, og frå og med 1723 hos Jean-Baptiste Massé og François Lemoyne i Paris. År 1736 reiste han til Firenze og Roma, der han arbeidde for pave Klemens XII og andre mektige oppdragsgjevarar, mellom anna kardinalar.
Liotard budde fire år i Istanbul, frå 1738 til 1742. Etter åra i Det osmanske riket gjekk han omkring i tyrkiske klede og skjegg, noko som gav han utnamnet «den tyrkiske målaren». 1742-44 heldt han til i Wien og laga eit portrett av keisarinna Maria Theresia og medlemmer av hoffet.
Både i 1744 og 1753 besøkte han England, siste gongen måla han prinsessa av Wales. Han reiste til Holland i 1756, der han året etter gifta seg. Etter eit opphald i Paris, flytta han til Genève. Eit nytt besøk til England følgde i 1772, der han dei neste to åra var mellom dei som stilte ut hos Royal Academy of Arts. Her måla han i 1773 eit framifrå sjølvportrett av seg sjølv som gammal mann.
Liotard vende tilbake til fødebyen i 1776. I 1781 publiserte han skriftet Traité des principes et des règles de la peinture. På sine eldre dagar måla han stilleben og landskap.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Liotard spesialiserte seg på portrettmåling, både av eliten og sjangerportrett. Han var ein svært allsidig kunstnar, og sjølv om ryet hans i stor grad er basert på elegante og delikate pastellteikningar, laga han særprega emaljearbeid, koparstikkgraveringar og glasmåleri.
Sjangerportrettet Sjokoladejenta frå ca. 1744 er rekna som eit av Liotard sine hovudverk. Ei ung tenestejente vert framstilt i det ho skal til å servere heit sjokolade frå ein kopp av meissenporselen på eit japansk lakkbrett. Tradisjonelt høyrde eit bøhmisk krystallglas fylt med vatn til denne luksusdrykken.
Mange av portretta til Liotard skilde seg ut ved at folka han avbilda smilte. Det var uvanleg i samtidig og tidlegare portrettkunst å visa smilande personar.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
'Portrett av ein osmansk storvesir' ca. 1738-1743), National Gallery i London.
-
'Portrett av den venezianske greven Francesco Algarotti' (ca. 1745), Rijksmuseum Amsterdam.
-
Le Petit Déjeuner ('Frukosten', 1753), Alte Pinakothek i München.
-
'Portrett av Marie-Frédérique van Reede-Athlone som sjuåring' (1755-1756), Getty Center i Los Angeles.
-
Her Levett og frøken Glavani i tyrkisk kostyme (ca. 1740), musée du Louvre i Paris.
-
'Portrett av Marie-Adélaïde de France i tyrkisk klesdrakt (1753), Uffiziane i Firenze.
-
Lady Montagu i tyrkisk kjole (1756), Łazienki-palasset i Warszawa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jonathan Jones (20. oktober 2015), «Jean-Etienne Liotard review – a joyous time machine back to the Enlightenment», The Guardian
- Denne artikkelen bygger på «Jean-Étienne Liotard» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2011.